Saint-Lô er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Manche i regionen Normandie og har om lag 20 000 innbyggjarar.

Saint-Lô
Byvåpenet til Saint-Lô
Byvåpenet til Saint-Lô
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Normandie
Manche
Geografi
Flatevidd 23,19 km²
Flatevidd
 - By

23,19 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

20 090
  866/km²
Koordinatar 49°07′N 01°05′W / 49.117°N 1.083°W / 49.117; -1.083
Høgd over havet 14 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 50000
Bilnummer www.saint-lo.fr

Geografi endre

Elva Vire renn gjennom byen. Den gamle byen er bygd på ein knaus på innsida av ein stor sving i elva, der han ein gong kontrollerte trafikken på elva.

Historie endre

Byen var tidlegare kalla Briovère (som tyder «bru over Vire» på gallisk) og byen er bygd på og rundt gamle festningsvollar. Namnet Saint-Lô kjem frå St. Laud, biskop av Coutances på 500-talet.

Byen ligg ved eit strategisk vegkryss, og vart nesten heilt øydelagd (estimert til 95 %) under Operasjon Overlord i den andre verdskrigen. Samuel Beckett kalla derfor byen Hovudstaden av ruinane. Det vart til og med diskutert om ein i det heile tatt skulle byggje byen opp att, eller om ein skulle la ruinane ligge der som eit minnesmerke over bombinga. Byen vart uansett gjennoppbygd og er i dag eit senter for fransk matlaging med produksjon av prisvinnande oppkutta lever.

Bakgrunnsstoff endre