Sajanfjella (russisk Саяны, Sajany; Kokmenfjella i perioden under køk-tyrkarane[1]) er ei fjellkjede sør i Sibir i Russland og Mongolia.

Den hengande steinen i Vest-Sajan i Ergakifjella
Gornyh Duhov

Vest-Sajan i Ergakifjella

Aust-Sajan strekkjer seg 1000 km frå elva Jenisej ved 92° E til sørvestenden av Bajkalsjøen ved 106° E. Vest-Sajan er ei austleg fortsetjing av Altajfjella, og strekkjer seg 500 km frå 89° E til midten av Aust-Sajan ved 96° E. [2]

Sajanfjella har tårnande toppar og kalde innsjøar sørvest for Tyva, og her finn ein elvane som renn saman og dannar ei av dei store elvane i Sibir, Jenisej, som renn over 5000 km nordover til Nordishavet. Dette eit verna og isolert område som vart halde lukka av Sovjetunionen sidan 1944.[3]

Geografi endre

 

Høgda på toppane ligg generelt mellom 2000 og 2700 meter over havet, men enkelte toppar, som hovudsakleg består av granitt eller metamorf skifer, når høgder på over 3000 meter over havet. Den høgaste er Munku-Sardyk på 3492 moh. Dei viktigaste fjellovergangane ligg 1800 til 2300 meter over havet, som Muztaghpasset ved 2280 moh, Mongolpasset på 1980 moh, Tenghyzpasset på 2280 moh og Obo-sarym-passet ved 1860 moh.

Ved 92 °E er systemet delt (Vest-Sajan) av Ulug-Khem (russisk skrift Улуг-Хем) eller Øvre Jenisej og ved 106 °E heilt i aust endar fjellkjeda i ei senking ved Selenga-Orkhondalen. Frå Det mongolske platået er hellinga slak, men frå slettene i Sibir er fjellsidene mykje brattare, trass i at fjellkjeda er maskert av eit breitt belte av mindre fjellkjeder med alpin karakter, som Usinsk-, Oya-, Tunka-, Kitoi- og Belahafjella.

Mellom Jenisej og Khövsgölsjøen ved 100° 30' E vert systemet òg kalla Jerghik-taiga. Det er generelt få planter som veks i området, men dei høgare områda har skogar av lerk, furu, einer, bjørk og or. Lav og mose dekkjer dei mange kampesteinane som ligg spreidd rundt på dei øvre fjellsidene.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Vasily Bartold (1935) 12 Vorlesungen uber die Geschichte der Turken Mittelasiens Deutsche Gesellschaft für Islamkunde, Berlin, s.46, OCLC 3673071
  2. «Sayan Mountains». Henta 4. september 2008. 
  3. «Tuva og Sayan Mountains». Geographic Bureau - Siberia og Pacific. Henta 4. september 2008. 

Bakgrunnsstoff endre

65°47′54″N 90°58′28″E / 65.79833°N 90.97444°E / 65.79833; 90.97444