Sakarjas lovsong, eller, etter opningsorda Benedictus Dominus («Lova vere Herren»), er ein bibelsk salme som står i opningskapittelet i Evangeliet etter Lukas.[1]

Sakarja skriv ned namnet på sonen sin. Freske av Domenico Ghirlandaio i Cappella Tornabuoni i Santa Maria Novella i Firenze.

Sakarja var ifølgje Bibelen gift med Elisabeth og far til Johannes døyparen.

Benedictus Dominus er høgdepunktet i laudes, tidebøna om morgonen. Tidleg i mellomalderen var Benedictus Dominus lesen eller sungen på den staden i den franske messa der Gloria in Excelsis deo seinare fekk fast plass.

Mange komponistar har skrive musikk til Benedictus Dominus.

Benedictus kan òg vise til Benedictus qui venit, Mark. 11.9.[2]

For miskunnsam av hjarta er han, vår gode Gud, ei stjerna let han skina for oss frå himmelhøgd,
Lysa for deim som sit i myrkr og daudsens skodd, og styra inn på velferds-veg vår fot.

Avslutningsorda i Sakarjas lovsong, Luk. 1,78-79, (Studentmaallaget si bibelumsetjing, 1921)

Kjelder endre

Referansar endre