51°09′18″N 1°48′32″W / 51.155°N 1.809°W / 51.155; -1.809

Stonehenge, det mest kjende landemerket på Salisbury Plain

Salisbury Plain er eit kalksteinsplatå sentralt i det sørlege England som dekkjer eit område på 780 km².[1] Det er ein del av Sør-England kalkformasjon og ligg stort sett innanfor grevskapet Wiltshire, med ein liten del i Hampshire. Sletta er kjend for dei mange arkeologiske funna, mellom anna Stonehenge, eit av dei mest kjende landemerka i England. Sidan området har vore nytta til militærtrening i mange år er området tynt folkesett.

Kjelder endre

  1. "Salisbury Plain", Encyclopaedia Britannica.
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.