Salkaj eller Salkaj Aryta er ei øy i Laptevhavet i Russland. Ho ligg på vestsida av Olenekbukta, om lag 40 km nordvest for Olenekdeltaet. Ho er 7 km lang og opp mot 3 km brei.

Salkaj
Land  Russland
Kart
Salkaj
73°19′51″N 118°43′50″E / 73.330833333333°N 118.73055555556°E / 73.330833333333; 118.73055555556
Plasseringa til Salkaj og naboøyane i Laptevhavet.

Området rundt Salkaj er utsett for det harde arktiske vêret med mange stormar og streng kulde. Havet omkring øya er isdekt ni månader av året slik at ho og naboøyane er landfaste det meste av året.

Nærliggande øyar endre

  • 1,5 km lenger nord ligg Orto Ary. Ho er litt mindre, 5 km lang og 2,7 km på det breiaste.
  • Daldalakh er ei like nord for Orto Ary igjen, og berre eit smalt sund skil ho frå fastlandet lenger nordvest. Daldalakh er 5,5 km lang og 3,3 km på det breiaste.

Kjelder endre