Salt Island i Anglesey

53°18′58″N 4°37′26.5″W / 53.31611°N 4.624028°W / 53.31611; -4.624028

Nordsida av Salt Island og Admirality Pier

Salt Island (walisisk Ynys Halen) er ei øy ved Holy Island utanfor Anglesey nord i Wales. Ho skjermar byen Old Harbour frå Irskesjøen.

Historie endre

Øya har fått namne etter ein fabrikk på øya som handsama sjøvatn for å produsere havsalt. Tidleg på 1700-talet vart havsaltet ofte blanda med bergsalt (ofte smugla til øya) for å auke kvaliteten på produktet. Fabrikken vart nedlagt i 1775.

Ein annan bygning som ikkje lenger står på øya, var Stanley Sailor's Hospital. Dette sjukehuset vart oppretta i 1871 av ein lokal filantrop og opphavleg var det berre sjømenn som vart behandla. Det vart derimot raskt eit generelt sjukehus. National Health Service tok over drifta i 1948 og dørene vart lukka i 1987.

Fyr endre

Det har stått tre fyr på øya. Det noverande fyret, Holyhead Mail Pier Light er eit kjegleforma kvitt hus bygt i 1821. Fyret vart teikna av sivilingeniør John Rennie i 1821. Det er truleg det neste eldste fyret i Wales etter Point of Ayr fyr.

Fyret er nasjonalt viktig som eit av verka til John Rennie som har overlevd.

Kjelder endre