Salvador Allende Gossens (26. juni 190811. september 1973) var folkevald president i Chile frå 1970 til 1973. Han døydde under militærkuppet 11. september dette året.

Salvador Allende

President i Chile
Periode4. november 197011. september 1973
PartiPartido Socialista de Chile
Fødd26. juni 1908 i Valparaiso
FødestadSantiago, Valparaíso
Død11. september 1973 i Santiago de Chile
DødsstadSantiago
MorLaura Gossens Uribe
FarSalvador Allende Castro
EktefelleHortensia Bussi Soto
BarnMaría Isabel Allende, Beatriz Allende
FøregangarEduardo Frei Montalva
EtterfølgjarAugusto Pinochet (militærjunta)

Salvador Allende var lege av utdanning og yrke. Han var ein av grunnleggjarane av Det chilenske sosialistpartiet PS i 1933.

Partia på venstresida i Chile hadde tradisjonar for å gå saman i breie alliansar. Fleire gonger var Allende felles presidentkandidat for venstresida, og i 1958 var han nær ved å vinne valet. I 1970 greidde han det.

Høgrekreftene i landet, støtta av USA, prøvde å hindre at valvinnaren blei innsett som president. Dette klarte dei ikkje, men heilt frå starten blei Allende motarbeidd på alle vis, trass i at han var folkevald.

Allende sitt styre betydde ein aktiv sosialistisk reformpolitikk, slik valprogrammet til venstrealliansen Unidad Popular (Folke-Einskapen) hadde lova veljarane. Høgresida raste, og USA gjekk til kredittboikott og la vanskar i vegen for chilensk kopar-eksport.

Trass i mange vanskar, gjekk venstresida fram ved valet i mars 1973. Høgresida og USA kunne berre bli kvitt den folkevalde sosialistiske presidenten ved eit kupp.

Minnesmerke over Salvador Allende

Militærkuppet kom den 11. september 1973. Presidentpalasset der Allende og medarbeidarane hans var, blei bomba med fly før det blei angripe med stridsvogner og soldatar. President Allende og hans folk forsvarte seg mot den overlegne fienden i fleire timar, med våpen i hand. Da kampane var over, var Salvador Allende død. Han tok truleg sitt eige liv for ikkje å bli tatt til fange av kuppmakarane.

Over 3 000 menneske blei drepne under kuppet. Over 30 000 menneske blei torturerte på det grovaste i tida som følgde. Mange måtte flykte til utlandet, over ein kvart million fór i eksil. Alle sosiale reformer frå Allende-tida blei avskaffa, og ein ekstrem nyliberalistisk økonomisk politikk innført. Kuppleiaren, general Augusto Pinochet, innsette seg sjølv som chilensk president.

Salvador Allende var syskenbarn til forfattaren Isabel Allende sin far, og ho har kalla han «onkel» i intervju.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Salvador Allende