Salvadoriansk colón

Colón (fleirtal sp. colones) var valutaen i El Salvador frå 1. oktober 1892. Mynteininga er oppkalla etter Christofer Columbus (på spansk Cristóbal Colón). Mynteininga i Costa Rica ber det same namnet. Amerikansk dollar (USD) vart mynteininga i El Salvador gjennom ei ny lov om monetær integrasjon vedtatt 29. november 2000. I lova om monetær integrasjon vart det fastsett at amerikanske dollar skulle nyttast side om side med colones frå og med 1. januar 2001. Det vert ikkje produsert meir colones i El Salvador og til sist er det venta at dollaren overtar for colones.