Salzach er ei elv som renn gjennom Austerrike og Tyskland, og er ei av sideelvene til Inn med ei lengd på 225 km.

Salzach
elv
Salzach i Laufen i Tyskland
Land  Austerrike,  Tyskland
Nedslagsfelt 6 700 km²
Lengd 225 km
Middelvassføring 251 /s
Kjelde Kitzbühleralpane
Munning Inn
Kart
Salzach
47°18′00″N 12°06′57″E / 47.3°N 12.1157°E / 47.3; 12.1157
Wikimedia Commons: Salzach

Namnet kjem frå det tyske ordet Salz som tyder «salt». Fram til 1800-talet var transport av salt ned elva ein viktig del av den lokale økonomien. Transporten på elva stoppa då jarnbanen erstatta det gamle transportsystemet.

Ho er ei av hovudelvene i den austerrikske delstaten Salzburg, og har sitt utspring i Kitzbühleralpane nær Krimml i Salzburg. Frå her renn ho nordover og passerer byane Hallein og Salzburg. Så dannar ho grensa mellom Bayern i Tyskland og Austerrike i om lag 70 km. Landsbyar langs denne siste delen av elva er Laufen, Tittmoning og Burghausen. Alle desse landsbyane har grenseovergangar. Elvar renn til slutt ut i Inn nær Braunau.

Kjelde endre