Samuel Cornelius Phillips (5. januar 192330. juli 2003), betre kjend som Sam Phillips, var ein amerikansk plateprodusent som spelte ei viktig rolle i starten av rock and roll. Han er mest kjend for å ha oppdaga Elvis Presley og er knytt til fleire store rhythm and blues- og rock and roll-stjerner på 1950-talet.

Sam Phillips
Fødd5. januar 1923(1923-01-05)
FødestadFlorence i Alabama i USA
Død30. juli 2003 (80 år)
DødsstadMemphis i Tennessee i USA
FødenamnSamuel Cornelius Phillips
OpphavUSA
Aktiv1945-2003
SjangerRockabilly, country, rock and roll, R&B, blues
Tilknytte artistarElvis Presley, Johnny Cash, Carl Perkins, Jerry Lee Lewis
Verka somPlateprodusent
PrisarGrammy Trustees Award, Jack Emerson Lifetime Achievement Award for Executive, Rock and Roll Hall of Fame

Phillips kom frå Florence i Alabama.

Memphis Recording Service og Sun Records endre

I 1940-åra arbeida Phillips som DJ for ein radiostasjon i Muscle Shoals i Alabama. I følgje Phillips sjølv inspirerte det «opne formatet» radiokanalen køyrde med å sende både musikk frå kvite og svarte artistar hans seinare arbeid i Memphis.

3. januar 1950 starta Phillips «Memphis Recording Service» ved 706 Union Avenue i Memphis i Tennessee, som seinare vart studioet til hans eige plateselskap, Sun Records, gjennom 50-åra.

Phillips spelt inn det mange meiner er den første rock and roll-songen, «Rocket 88» av Jackie Brenston and his Delta Cats, eit band som eigenetleg var leia av den 19 år gamle Ike Turner, som hadde skrive songen. Innspelinga vart gjeve ut på Chess Records i Chicago i 1951. Frå 1950 til 1954 spelte Phillips inn musikk med svarte R&B-artistar som James Cotton, Rufus Thomas, Rosco Gordon, Little Milton, Bobby Blue Bland og andre. Blueslegender som B.B. King og Howlin' Wolf gjorde dei første innspelingane sine i studioet hans.

Elvis Presley, Johnny Cash, Jerry Lee Lewis, Carl Perkins, Roy Orbison endre

Elvis Presley, som spelte inn sin versjon av Arthur «Big Boy» Cruddup sin «That's All Right (Mama)» i studioet til Phillips, vart særs populær, først i Memphis, og seinare i heile USA og resten av verda. Dei første seks månadane var derimot B-sida, «Blue Moon of Kentucky» av Bill Monroe, noko meir populær enn «That's All Right (Mama)». Sjølv om singelen ikkje var kjend utanfor Sørstatane kom mange håpefulle artistar raskt til studioet med håp om at dei òg skulle få høve til spele inn ein singel. Songarar som Sonny Burgess («My Bucket's Got A Hole In It»), Charlie Rich, Junior Parker og Billy Lee Riley spelte inn for Sun med noko suksess, medan andre som Jerry Lee Lewis, BB King, Johnny Cash, Roy Orbison og Carl Perkins vart superstjerner.

Trass i noko suksess fekk studioet til Phillips finansielle problem i midten av 1955 og han selde Presley sin kontrakt til RCA Records. Gjennom salet av kontrakten klarte han å distribuere Perkins sin song «Blue Suede Shoes» og Sun Records fekk sin første nasjonale hit.

Phillips har fått æra for å ha lært Presley produksjon før han drog til RCA. Sjølv om det er Steve Sholes som står som offisiell produsent på Elvis sine plater på RCA, var det i realiteten Elvis sjølv som produserte det meste av musikken sin.

Phillips nytta nyskapande teknikkar då han spelte inn med Elvis. På dei fleste innspelingane på denne vart lydstyrken på vokalen pressa opp, medan Phillips let vokalen ligge jamnt med resten av instrumenta. Phillips nytta og eit forseikna signal som gav ein ekkoeffekt. RCA visste ikkje kva teknikk Phillips hadde nytta og klarte ikkje å gjenskape effekten på Elvis si utgåve av «Heartbreak Hotel».

Elvis hadde ikkje noko band då han kom til Sun Records. Det var Sam Phillips som valde dei to musikarane som spelte inn den første singelen, gitaristen Scotty Moore og bassist Bill Black. Etter kvart kom òg trommeslagar D.J. Fontana til og i lag produserte dei nokre av dei største hittane i rockehistoria, sjølv etter at Phillips hadde seld Presley-kontrakten til RCA. Av desse finn ein «Heartbreak Hotel», «Hound Dog» og «Don't Be Cruel».

Eit døme på kor viktig Phillips var i den tidlege perioden av rock and roll oppstod 4. desember 1956 då Jerre Lee Lewis spelte piano på ei Carl Perkins innspeling ved studioet til Phillips. Elvis Presley dukka brått opp i studioet, i tillegg til at Johnny Cash møtte opp. Dei fire musikarane spelte i lag. Denne innspelinga er vorte kalla Million Dollar Quartet.

Phillips starta ein radiostasjon kalla WHER i oktober 1955. Phillips gjorde seg òg rik som ein av dei første inverstorane i den nye motellkjeda Holiday Inn.

I 1986 vart Sam Phillips ein del av den første gruppa som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. I 1991 fekk han Grammy sin ærespris.

Phillips døydde av anderettsstopp i Memphis i juli 2003, berre dagen etter at det opphavlege Sun Studio vart erklært eit nasjonalt historisk landemerke.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Guterman, Jimmy. (1998). "Sam Phillips". In The Encyclopedia of Country Music. Paul Kingsbury, Editor. New York: Oxford University Press. p. 414.

Bakgrunnsstoff endre