Hylleslekta

planteslekt
(Omdirigert frå Sambucus)
Hylleslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Dipsacales
Familie: Viburnaceae
Slekt: Hylleslekta Sambucus
L., 1753

Hylleslekta (Sambucus) er ei planteslekt i moskusurtfamilien med 5-30 artar avhengig av korleis dei blir delt inn. Dei høyrer heime i Nord- og Sør-Amerika, Asia og Europa. Slekta inneheld små tre, buskar og fleirårige plantar. Artene er kjenneteikna med motsette eller spreidde blad som er ulikefinna og består av 3-9 elliptiske småblad som oftast har sagtakka rand. Blomstrane er regelmessige, 5-talige og oftast kvite. Frukta er bæraktige steinfrukter, som inneheld 1-5 kjernar. Barken inneheld kalsiumoksalat.

Gift endre

Blad, kvistar, greiner, frø og røter inneheld eit cyanid-induserande glykosid (eit glykosid som dannar cyanid etterkvart som metabolismen omdannar det). Inntak av kva for ein av desse plantedelane i tilstrekkelege mengder kan føre til ei giftig opphoping av cyanid i kroppen.

På grunn av at det er mogleg å bli cyanid-forgifta, bør barn bli frårådde frå å lage fløyter og leiker frå hylletre. I tillegg bør ein vere forsiktig med urtete laga med blada frå hyll. På den raude hylla er alle delane giftige. Mogne bær utan kjernar frå svarthyll kan kokast og nyttast i matrettar.[1]

Artsgrupper endre

 
Sambucus canadensis med den komplekst greina blomsterstanden

Ein kan fordele dei ulike artane i hylleslekta inn i ulike grupper. Berre to artar har offisielle norske namn, svarthyll og raudhyll. Engelske namn er gitt i tillegg. Latinske namn i feit skrift er godtatte namn i følge KEW.[2]

Svartbæra hyll endre

 
Skjermklase

Gruppa med svartbæra hyll er kompleks og ein finn ho i dei varmare delane av Europa og Nord-Amerika. Nokre gonger blir ho handsama som ein art Sambucus nigra med fleire regionale variantar eller underartar, eller ein kan sjå på henne som ei gruppe av fleire liknande artar. Blomstrane sit i ein flat skjermklase (corymb) og bæra er svarte til gråaktig (glaucous) blå. Dei er større busker som kan bli 3-8 meter høge, nokre gonger opptil 15 meter høge med ein stammediameter på 30-60 cm.

Mellomart endre

 
Blomeklase
  • Sambucus racemosa var. melanocarpa (Blackberry Elder; vestlege Nord-Amerika; svarte bær) er mellom den ovanståande gruppa og den neste. Blomstrane dannar ein rundaktig klase, men bæra er svarte. Det er ein liten busk som sjeldan blir over 3-4 meter høg. Nokre botanikarar inkluderer arten i den raudbæra gruppa.

Raudbæra hyll endre

Gruppa med raudbæra hyll er kompleks og ein finn ho på den nordlege halvkula. Nokre gonger blir ho handsama som ein art Sambucus racemosa med fleire regionale variantar eller underartar, eller ein kan sjå på henne som ei gruppe av fleire liknande artar. Blomstrane dannar ein rundaktig klase (panicle), og bæra er skarpt raude. Dei er små busker som sjeldan blir høgare enn 3-4 meter.

Australsk hyll endre

Den australske hyllegruppa omfattar to artar frå Australasia. Blomstrane dannar ein rundaktig klase, og bæra er kvite eller gule. Dei er busker som kan bli 3 meter høge.

Dverghyll endre

 
Skjerm

Dverghyll er i motsetnad til dei andre artane, urtaktige plantar som dannar nye stenglar kvart år frå eit fleirårig rotsystem. Dei kan bli 1.5 -2 meter høge. Kvar stengel ender i ein stor, flat skjerm som mognar til ein tett klase med glatte bær.

Andre typar hyll endre

Andre artar:

 
Hylledyrking i Austerrike

Kjelder endre

  1. Nova Scotia Museum Website, Poison plant section, Nova Scotia Museum – Poisonous plants Arkivert 2008-11-23 ved Wayback Machine.
  2. http://www.theplantlist.org/tpl/search?q=Sambucus Sambucus i KEW
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Kearney, T.H. & R. H. Peebles. 1960. Arizona Flora. University of California Press. Berkeley, CA.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hylleslekta
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Sambucus