Samothráki (gresk Σαμοθράκη) er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Det thrakiske havet, nord i Egearhavet. Hovudbyen på øya heiter òg Samothráki, lokalt kalla Khóra. Samothráki er ein eigen kommune i periferieininga Évros, den vestlegaste i periferieininga, og den sørlegaste i periferien Aust-Makedonía og Thráki.[2] Eit par kilometer aust for øya går sjøgrensa mellom Hellas og Tyrkia. Øya er 17 km lang og har eit areal på 178 km² med nesten 3 000 innbyggjarar. Hovudnæringane er fiske og turisme.

Samothráki
Lokalt namn Σαμοθράκη
Hamna på Samothráki
Hamna på Samothráki
Geografi
Stad Det thrakiske havet
Koordinatar 40°28′40″N 25°31′19″E / 40.47778°N 25.52194°E / 40.47778; 25.52194
Øygruppe Dei nordegeiske øyane

Areal 178,0 km²

Høgaste punkt Óros Fengári (1 624 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Aust-Makedonía og Thráki
Évros
Største busetnad Samothráki (Khóra) (653 innb.)

Demografi
Folketal 2 859[1]
Folketettleik 16,1 /km²

Historie endre

Samothráki var relativt lite viktig i antikken, sidan ho ikkje har nokre naturlege hamner og det meste av øya var for steinete til å kunne dyrkast. Óros Fengári (Månefjellet) er det høgaste fjellet på 1 624 moh. Samothráki tempelkompleks, ein stad for hellenistiske og førhellenistiske religiøse seremoniar, stod derimot på øya. Av dei som vitja heilagdomen var mellom anna kong Lysander av Sparta, Filip II av Makedonia og Cornelius Piso, svigerfar til Julius Cæsar.

Samothráki vart først busett av pelasgianarar og karianarar, som seinare vart ein del av thrakarane. Mot slutten av 700-talet fvt. vart øya kolonisert av grekarar frå Sámos, som gav namnet Sámos av Thráki til øya. Dette utvikla seg seinare til Samothráki. Øya vart erobra av persarane i 508 fvt, og kom seinare under athensk kontroll og vart eit medlem av Det athenske sjøforbundet400-talet fvt. Ho vart erobra av Filip II, og frå då til 168 fvt. var ho under makedonsk suverenitet. Etter slaget ved Pydna vart Samothráki sjølvstendig fram til keisar Vespasian annekterte øya til Romarriket i år 70 evt. Det austromerske styret varte til 1204venetianarane tok over. Dei vart derimot driven bort av den genuesiske familien Gattilusi i 1355. Det osmanske riket erobra øya i 1457. Eit opprør mot dei under den greske sjølvstendekrigen (18211831) førte til ein massakre av dei fleste øybuarane. Øya kom tilbake til Hellas i 1913 etter balkankrigane. Ho vart ei kort stund okkupert av Bulgaria under den andre verdskrigen.

 
Samothráki

Den antikke byen, ruinane som vert kalla Paleópoli (Den gamle byen), låg på nordkysten. Store delar av dei antikke murane står framleis, i tillegg til tempelet der mystiske ritual fann stad og som var open for både slavar og frie menneske.

I dag endre

Den moderne hamnebyen Kamariótissa ligg på nordvestkysten og har ferjesamband til byar i Nord-Hellas som Alexandroúpoli og Kavála. Det er ingen kommersielle flyplassar på øya.

Den mest kjende attraksjonen på øya er tempelkomplekset, på gresk kalla Hieron ton Megalon Theon. Den mest kjende lekamen frå tempelet var ein 2,5 meter høg marmorstatue av Nike frå 190 fvt.. Han vart oppdaga i bitar på øya i 1863 av den franske arkeologen Charles Champoiseau og står i dag på Louvre i Paris.

Samothráki har skular, eit par latinskular, bankar, eit postkontor, strender og eit par byplassar (plateies).

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Kamariótissa 1 069
Samothráki (Khóra) 653
Lákkoma 317
Alónia 291
Profítis Ilías 189

Dei andre busetnadene på øya er:

  • Thérma (109)
  • Áno Meriá (57)
  • Káto Karyótes (41)
  • Paleópoli (36)
  • Xiropótamos (29)
  • Áno Karyótes (22)
  • Dáfnes (16)
  • Katsambás (15)
  • Makryliés (12)
  • Potamiá (6)

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Samothrace frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Michel Mourre, Dictionnaire Encyclopédique d'Histoire, artikkel Samothrace, Bordas, 1996
  • Marcel Dunan, Histoire Universelle, Larousse, 1960