Samuel R. Delany

amerikansk skribent

Samuel Ray Delany, Jr. (fødd 1. april 1942) er ein forfattar frå USA. Han har ein stor produksjon i science fiction og fantasi-sjangrane og har motteke litterære prisar. Sentrale bøker er novellesamlinga Driftglass og romanane Nova, The Einstein Intersection, Hogg og Dhalgren. I 2001 blei han professor i engelsk og Creative Writing ved Temple University i Philadelphia. Delany er òg kjent som litteraturkritikar.

Samuel R. Delany

Statsborgarskap USA
Fødd 1. april 1942 (81 år)
New York by
Yrke skribent, romanforfattar, forfattar, teikneserieskapar, essayist, litteraturkritikar, science fiction-forfattar, journalist
Sjanger science fiction, feministisk science fiction
Religion ateisme
Far Samuel Ray Delany
Mor Margaret Carey Boyd Delany
Ektefelle Marilyn Hacker
Born Iva Alyxander Hacker-Delany
Samuel R. Delany på Commons
Samuel R. Delany

Biografi endre

Samuel Delany blei fødd og voks opp i Harlem i New York City og har ein blanda bakgrunn; Harlem var ein fattig svart ghetto samstundes som familien var velståande. Delany møtte poeten Marilyn Hacker på high school og dei var gifte i nitten år og fekk ei dotter.

Då han var tjue hadde Delany allereie fått utgitt ei bok. Mellom 1962 og 1968 fekk han gjeve ut seks romanar som blei godt motteke og fleire noveller som blei heidra med prisar. dei er samla i Driftglass. Romanen Dhalgren kom ut i 1974. Hovudprosjektet på sluten av 70-talet og på 80-talet var Neveryon-serien.

Delany har skrive fleire bøker om livet sitt som svart og homofil forfattar. For sjølvbiografien The Motion of Light in Water fekk han Hugo-prisen. Han har gjeve ut fleire bøker med litteraturkritikk, intervju og essay.

Dei siste åra har Delany undervist i engelsk og skrivekunst på universitetsnivå. Han var elleve år ved University of Massachusetts, halvtanna år ved The State University of New York og flytta til Temple University i 2001.

Motiv i diktinga endre

Seksualitet er eit sentralt tema i diktinga til Delany, dette er tydeleg allereie i Dhalgren. Både i Dhalgren og Stars in My Pocket Like Grains of Sand finn ein seksuelle skildringar. Fleire av bøkene hans kan kallast pornografiske, t.d. Equinox, The Mad Man, Hogg og Phallos. Delany sjølv har sagt seg samd i pornografi-nemninga.

I Triton og Return to Nevèrÿon-serien (fire bind med historier og noveller) skriv han om korleis den sosioøkonomiske basisen i samfunnet formar seksualiteten og haldningar til seksualitet. Også i verk med tilnærma realistisk innhald, som Atlantis: Three Tales, The Mad Man og Hogg drøfter Delany desse spørsmåla ved å ta fram klåre bilete frå New York City, både i jazz-alderen og AIDS-tida, frå privatskular på 50-talet, Europa på 60-talet og amerikanske småbyar. I den siste romanen til Delany, Phallos, skriv han om korleis ein gresk mann er på leit etter tryggleik og lykke i det andre hundreåret i vår tid.

Andre gjennomgåande tema er mytologi (i dei tidlege verka), minne og språk.

Han har òg skrive fleire bøker med litteraturkritikk, særleg om science fiction, komparativ litteratur og skeiv teori.

Utvald bibliografi endre

Skjønnlitteratur endre

Romanar endre

Return to Nevèrÿon-serien endre

Novellesamlingar endre

(Driftglass og Distant Stars inneheld «Time Considered as a Helix of Semi-Precious Stones» som Delany fekk Hugo og Nebula-prisen for. Aye, and Gomorrah er ei samling av all kortprosa han har skrive, med unntak av Nevèrÿon-forteljingane.)

Fagbøker endre

Litteraturkritikk endre

Brev og memoarar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre