Samuli Aikio (fødd 11. mai 1937 i Utsjoki, daud 31. august 2022 i Utsjoki[1]) var ein finsk samisk omsetjar, journalist og forskar.

Samuli Aikio
Statsborgarskap Finland
Fødd 11. mai 1937
Utsjoki Sjå dette på Wikidata
Død

31. august 2022 (85 år)
Utsjoki Sjå dette på Wikidata

Yrke omsetjar, journalist, skribent, lingvist, redaktør
Språk nordsamisk
Born Ante Aikio
Prisar Samerådets ærespris, æresdoktor

Aikio hadde ein bachelorgrad i finsk-ugrisk etnografi og språkvitskap frå Universitetet i Helsingfors. Deretter jobba han for det finske informasjonskontoret på 1960-talet. Sidan vart han redaktør for magasinet Sápmelaš, der han kom med i redaksjonen i 1967. Seinare vart han lektor ved Helsingfors universitet, forskar ved Nordisk institutt for samiske og finske språk, og også lektor i samisk forsking i Uleåborg. Han fekk ein æresdoktorgrad frå det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Uleåborg i 1998.

Det viktigaste arbeidet hans er Olbmot ovdal min (Folk før oss). I 2017 gav han ut boka Davvisámi báikenamat (Nordsamiske stadnamn).

Han var far til professor Ante Aikio.

Kjelder endre

  1. Valtonen, Taarna (8.12.2022). «Luobbal Sámmol Sámmol, Samuli Aikio 1937–2022». Finnisch-Ugrische Forschungen (67) (på engelsk). s. 229–232. doi:10.33339/fuf.122385. 

Bakgrunnsstoff endre