Samvirkelaget er ei musikkgruppe sett saman av skarock-bandet Hopalong Knut og hiphop-gruppa Gatas Parlament.

I følgje gruppa sjølv skal samarbeidet ha starta på Storåsfestivalen, der Hopalong Knut inviterte Gatas Parlament opp på scenen då dei skulle avslutte festivalen.

Samvirkelaget blei berykta for songen «Stopp Volden», lagt ut på nettstaden MySpace, der dei namngav ein politimann som hadde samband med dødsfallet til Eugene Ejike Obiora. For dette blei Samvirkelaget trekt for retten av Politiets Fellesforbund, som ønskte å gjera songen ulovleg. Trondheim tingrett kom fram til at politimannen blei ærekrenkte av songen, men at å stoppa han vil stri mot ytringsfridommen. Saka fekk dermed ingen juridiske følgjer for Samvirkelaget, men gruppa bestemte seg likevel for å fjerna namnet på politimannen frå teksten. Dei hevda dette var fordi dei ikkje ville at saka skulle gli over i eit injuriesøksmål eller eit spørsmål om ytringsfridom, men heller ville ha fokus på dei opphavlege problemstillingane om politivald, statleg rasisme og at politiet sjølv granskar saker der tenestemenn er innblanda.

Diskografi endre

  • 2007: Musikk (Album)

Bakgrunnsstoff endre