Ein sandkasse er ein låg, vid kasse eller grunn nedsenking i bakken fylt med sand der ungar kan leike. Sandkassar finst ofte på leikeplassar, men i motsetnad til anna utstyr på leikeplassar er dei såpass enkle å byggje at dei òg finst på ein del bustadeigedomar.

Sandkasse
Viss du vil til sandkassen der du fritt kan eksperimentera med redigering, gå til Wikipedia:Sandkasse.

Sandkassar stimulerer fantasien og kreativiteten til ungane ved at dei kan byggje små byar eller sandslott, bruke leiker som bilar, bøtter og spadar til å flytte sanden rundt, grave hòl og grave ned ting. På denne måten kan ungane utforske, bygge og øydeleggje ei verd i tre dimensjonar.

Sandkasse har òg fleire analogar i dataverden, t.d. virtuelle verdenar der du kan fritt kan endra på ting utan at det har eit spesielt formål. Eller t.d. Wikipedia sin eigen sandkasse for eksperimentering med redigering.