Sandomierzbekkenet

Sandomierzbekkenet (polsk Kotlina Sandomierska) er eit lågland søraust i Polen, mellom Det veslepolske høglandet, Lublinhøglandet og Vest-Karpatane. Namnet kjem frå den historiske byen Sandomierz og bekkenet har ei trekanta form med ein storleik på om lag 15 000 km². Det vert drenert av elva Wisła og den austlege sideelva hennar San. Av byar i Sandomierzbekkenet finn ein Dębica, Jarosław, Mielec, Przemyśl, Przeworsk, Rzeszów, Stalowa Wola, Sandomierz, Tarnobrzeg og Tarnów. Området er tett folkesett bortsett frå Niepolomicevillmarka og Sandomierzvillmarka.