Sandpyntekrabbe
Sandpyntekrabbe
Sandpyntekrabbe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Tifotkreps Decapoda
Familie: Oregoniidae
Slekt: Pyntekrabbar Hyas
Art: Sandpyntekrabbe H. araneus
Vitskapleg namn
Hyas araneus

Sandpyntekrabben er ein trekantkrabbe som lever frå fjæresona og ned til 350 m djupn ved Atlanterkysten og i Nordsjøen. Nyleg har han òg vorten funnen ved Antarktis, der han etter alt sannsyn er ein framand art. Trass i namnet lever denne krabben på all slags botn. Eit av særtrekka til arten er korleis han fester tang, hydroidar, svampar o.l. til skalet sitt som kamuflasje.

Kjenneteikn endre

Pyntekrabbane har trekanta ryggskjold, som er breitt bakerst. Det kan bli opptil 12 cm langt, og er vanlegvis brunt. På skjoldet sit det to radar med stive, krumme hår som vert nytta som feste til tang og ymse småting dyret kamuflerar seg med.

Levesett endre

Pyntekrabbar er einsame predatorar som ligg i bakhaldsangrep for å fanga byttet sitt. Det viktigaste trumfkortet deira i jakten er kamuflasjen, som dyret sjølv tilpassar etter det lokale miljøet. Gjenstandane dei kamuflerar seg med vert henta frå dei næraste omgjevnadane før krabben legg seg på lur for å gå til åtak på uheldige dyr som kjem for nært.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre