Sandvikvåg er ei ferjehamn på Fitjar i Sunnhordland. Hamna er den sørlege delen av eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda i Noreg, som går til Halhjem i Os kommune, samt eit mindre samband mot HusavikHuftarøyAustevoll.

Gassferja MF Fanafjord ved kai i Sandvikvåg
Sandvikvåg sett frå ferja

Ferjekaien vart teken i bruk i 1965, og har i dag to ferjelemmer. I 2006 vart både ferjekaien og oppstillingsplassen utvida i samband med at nye gassdrivne og større ferjer vart tekne i bruk. I dag har kaien ein kapasitet på 300 bilar til Halhjem og 50 bilar til Husavik.

Sandvikvåg har opning ut mot Selbjørnsfjorden.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sandvikvåg