Sandwood Bay er ei bukt heilt nordvest i Skottland. Ho er best kjend for den kilometerlange stranda og Am Buachaille, ein sjøstaur, og ligg 8 km sør for Cape Wrath. Innanfor dei store sanddynene ved bukta ligg Sandwood Loch - ein ferskvassinnsjø.

Sandwood Bay - sett sørover

Bukta ligg utanfor allfarveg, men det går ein 7 km lang sti frå ein parkeringsplass ved grenda Blairmore til bukta.

Bukta har fleire segner knytt til seg, mellom anna skal det ha vorte sett ei havfrue på ei av klippene for hundre år sidan. Ei anna segn fortel om ein sjømann som går igjen på stranda. Før fyret på Cape Wrath vart bygd i 1828, var det mange skipsforlis i bukta. Fleire skip skal liggje nedgravne i sanden.[1]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Donald Carmichael. «The Log of the Miranda». Highland Archives. Arkivert frå originalen 7. desember 2009. Henta 11. januar 2010. 

58°32′58″N 5°05′05″W / 58.54946°N 5.08472°W / 58.54946; -5.08472