Sanking er ein måte å skaffa seg noko ein treng frå naturen. I tidlegare tider var det ei viktig matkjelde.

Blåbærplukking i kajakk.

I skogen endre

I skogen vert det sanka bær og sopp. I Noreg er blåbær og tyttebær dei viktigaste sortane. Tradisjonelt har det vore kvinnfolkarbeid å plukka bær. Sopp har ikkje vor så viktig i dei nordiske landa som lenger sør i Europa. I nokre land, som Italia, sankar ein òg trøflar.

På fjellet endre

På fjellet har det vore sanka molter, som i tidlegare tider var eit kjærkome tilskot ut på seinsumaren. Spesielt i Finnmark har molteplukking vore viktig.

I fjæra endre

I fjæra har det vore sanka tang og tare, men òg skaldyr som østers og knivskjel. Sanking av skaldyr er framleis viktig i mange land, men i Europa har ein for det meste gått over til oppdrett av østers og andre typar skaldyr.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.