Sannikov Land (russisk Земля Санникова) var ei fantomøy i Nordishavet. Myta om øya oppstod i Russland på 1800-talet.

Plasseringa til De Long-øyane. Ein trudde Sannikov Land låg nord for desse.

Jakov Sannikov og Matvej Gedensjhtrom hevda å ha sett øya under kartleggingsekspedisjonen sin til Nysibirøyane i 1809-1810. Jakov Sannikov var den første som rapporterte å ha sett «ukjend land» nord for Kotelnyjøya i 1811 (derfor «Sannikov Land»).[1]

I 1886 rapporterte den russiske oppdagaren baron Eduard Toll om at han hadde sett land i det fjerne under ein ekspedisjon til Nysibirøyane. I august 1901 sette han ut på ein ny ekspedisjon, den russiske polekspedisjonen, med det russiske polarskipet «Zarja» over Laptevhavet for å finne det segnomsuste Sannikov Land, men vart raskt blokkert av pakkis ved Nysibirøyane. I 1902 gjorde Eduard Toll og tre av mannskapet frå Zarja forsøk på å nå Sannikov Land nord for De Long-øyane til fots medan Zarja låg fanga i isen. Dei fann ikkje øya og forsvann sporlaust i november 1902 då dei reiste sørover frå Bennettøya på lause isflak.

På første halvdelen av 1900-talet vart det klart at det ikkje fanst noko Sannikov Land.

På bakgrunn av det solide arbeidet Sannikov elles gjorde og fordi det ligg grunne sandbankar der øya visstnok vart observert, meiner somme historikarar og geografar[2] at øya verkeleg eksisterte, men vart øydelagd av erosjon og vart ein undersjøisk sandbanke som fleire andre øyar i området. Denne prosessen er observert med fleire øyar i Nysibirøyane, som til dømes Semjonovskij som forsvann på 1950- eller 1960-talet.[2][3] Andre igjen meiner at Sannikov Land kan ha vore ei luftspegling, som ein ofte kan sjå i arktiske strøk, av Bennettøya.[1] Andre igjen reknar Sannikov Land som ei form for pseudohistorie.

Sannikov Land endre

Segna om Sannikov Land kan ha vore opphav til adventurespelet Syberia

Den russiske geologen og science fiction-forfattaren Vladimir Obrutsjev skreiv ei fiktiv soge om øya i romanen The Sannikov Land (1926).

I 1973 vart ein science fiction-film kalla The Sannikov Land gjeve ut i Sovjetunionen.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Mills, W. J., 2003, Exploring polar frontiers: a historical encyclopedia. ABC CLIO Publishers, Oxford, Storbritannia.
  2. 2,0 2,1 Gavrilov, A.V., N.N. Romanovskij, V.E. Romanovskij, H.-W. Hubberten og V. E. Tumskoj, 2003, Reconstruction of Ice Complex Remnants on the Eastern Siberian Arctic Shelf. Permafrost and Periglacial Processes. vol. 14, s. 187–198.
  3. Grigorov, I.P., 1946, Disappearing islands. Priroda, s. 58–65 (in Russisk)