Santamartaparakitt
Santamartaparakitt | |
Santamartaparakitt | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sterkt truga Utbreiinga av Santamartaparakitt | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Overfamilie: | Parakittar Psittacoidea |
Familie: | Papegøyefamilien Psittacidae |
Underfamilie: | Psittacinae |
Slekt: | Pyrrhura |
Art: | Santamartaparakitt P. viridicata |
Vitskapleg namn | |
Pyrrhura viridicata |
Santamartaparakitt (Pyrrhura viridicata) er ein sterkt truga parakitt og han er endemisk for Sierra Nevada de Santa Marta, Colombia.
Skildring endre
Santamartaparakitten er ein 25 centimeter lang grøn parakitt. Han har eit breitt, ujamnt streka raudleg band tvers over buken, raud flekk i panna rett over nebbet, raudbrune øyredekkfjører, raudbrun underside av halen, kvit augering, raud til oransje fjører på skuldrene og primærdekkfjørene, og primærfjørene er i blått. Habitatet for santamartaparakitten ligg både i fuktig, høgtliggande skog og i meir opne område mellom 1800 og 2800 moh. Føda er blomar og frø. Det er elles berre lite tilgjengeleg informasjon om denne arten.
Det finst anslagsvis mellom 5 og 10 000 individ og populasjonen er minkande, for tida truga av framande treslag som blir planta ut innanfor utbreiingsområdet for arten.
Kjelder endre
- Collar, N. & Boesman, P. (2014). Santa Marta Parakeet (Pyrrhura viridicata) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 25. april 2015
- BirdLife International (2015) Species factsheet: Pyrrhura viridicata. Henta frå http://www.birdlife.org den 25. april 2015
- Referansar
Bakgrunnsstoff endre
- Bilete av santamartaparakitten på Flickr.com Foto: Flickr-brukar jaceballos