Saparmyrat Nyýazow

turkmensk politikar

Saparmyrat Ataýewiç Nyýazow (19. februar 194021. desember 2006) var presidenten i Turkmenistan frå 1991 fram til han døydde i slutten av 2006. Sidan 1985 var han ein av dei mektigaste personane i Turkmenistan.

Saparmyrat Nyýazow

Fødd19. februar 1940
Gypjak
Død21. desember 2006 (66 år)
Statsborgar avSovjetunionen, Turkmenistan
PartiSovjetunionens kommunistiske parti
Yrkepolitikar, sjølvbiograf
Utdanna vedSt. Petersburgs statlige polytekniske universitet
Høyskolen under SUKPs sentralkomite
MorGurbansoltan Eje
FarAtamyrat Nijazov
EktefelleMuza Niýazowa
BarnMyrat Nyýazow
MedlemPolitbyrået i Sovjetunionen
Alle verv
  • Turkmenistans statsminister (1990–2006)
  • deputert i Sovjetunionens folkekongress Sjå dette på Wikidata

Liv og virke endre

Nyýazow vart foreldrelaus i ung alder. Faren hans døydde i kampen mot tyskarane i andre verdskrigen, og resten av familien døydde i jordskjelven som lagde Asjkhabad øyde i 1948. Han vart oppdregen på ein sovjetisk barneheim, og vart medlem av kommunistpartiet der han steig i gradene og vart til slutt leiar for Kommunistpartiet i Det turkmenske SSR – seinare kjent som Turkmenistans demokratiske parti. Då Sovjetunionen fall i 1991 heldt Nyýazow på makta, og han vart dimed fyrste presidenten i landet.

President endre

I 1993 tok han tilnamnet «Türkmenbaşy» (Turkmenbasji) som tyder «Leiar for alle turkmenarar» radt som Atatürk gjorde i Tyrkia. Den 29. desember 1999 vart han utnemnd til «president for livet» av dei (sokalla) lovgjevande styremaktene i Turkmenistan, men han har like fullt sagt at det skal haldast val i 2010.

Nyýazow har ein autoritær leiarstil, og var kjend for sjølvdyrkinga si. Han meinte at Turkmenistan ikkje hadde nokon nasjonal identitet, og har difor freista byggja landet i sitt bilete. Han gav byen Krasnovodsk ved Kaspihavet namnet Türkmenbaşy etter seg sjølv, i tillegg til at fleire skular, lufthamner og jamvel ein meteoritt har fått namnet hans. Alle offentlege bygningar har store portrettbilete av han på veggene, og statuar av han sjølv og mora er spreidde over alt landet. Dei mest kjende statuane er den som er plassert midt i Karakum-ørkenen, og gullstatuen som er montert på ei skive som gjer at han alltid ser mot sola. Han baud ogso om at det skulle byggjast eit stort palass i Asjkhabad til minne om han.

Utdaningssystemet i Turkmenistan lærer alle unge turkmenarar at dei skal elska Türkmenbaşy. Skriftene og talene hans er den viktigaste delen av innhaldet i lærebøkene. Den aller viktigaste teksta er «Ruhnama», Sjeleboka, eit nasjonalt epos skrive av Nyýazow. Alle bøker som vart skrivne i sovjettida er forbodne, og biblioteka har so å seia ingen andre bøker enn dei Nyýazow har skrive. I 2004 baud han om at alle landsbybiblioteka i Turkmenistan skulle stengjast, for di han meinte folk på den turkmenske landsbygda ikkje kunne lesa.

Andre ting Nyýazow gjorde for å få fram ein turkmensk kultur var å introdusera eit eige turkmensk alfabet til staden for det kyrilliske, definert dei ulike livsstadia, og gjeve dagane og månadene nye namn. Januar fekk namnet « Türkmenbaşy», og april vart oppkalla etter mor hans.

Nyýazow var kjend for å laga lover etter eigne innfall. Blant anna fekk ikkje menn lov til å bruka sminkeTV – dette for di han hadde problem med å skilja menn og kvinner frå kvarandre på TV. Det vart ikkje lov å nytta tobakk i Turkmenistan, for di Nyýazow måtte slutta å røykja etter han vart operert for kreft. Han la òg ned forbod mot langt hår, skjegg og gulltenner.

Den 1. mars 2005 vedtok Nyýazow at alle sjukehus utanføre Asjkhabad skulle stengjast. Grunnen vart gjeven i ei tale dagen før: «Kvifor skal me øyda opp gode medisinske spesialistar på landsbyane når dei kan jobba i hovudstaden?»[treng kjelde]

Etter at det visstnok vart freista eit attentat mot han i 2002 vart mange arresterte for å vera konspiratørar eller nokon i familiane deira. Kritikarar meiner at attentatet var planlagt for at Nyýazow skulle kunna kvitta seg med den politiske opposisjonen i landet.[treng kjelde]

Då Gurbanguly Berdimuhamedow tok over som president etter at Nyýazow døydde i 2006, fjerna Berdimuhamedow gradvis element frå personkulten rundt Nyýazow.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Saparmyrat Nyýazow