Sarah Dawn Finer

svensk songar og skodespelar

Sarah Dawn Finer (fødd 14. september 1981 i Stockholm) er ein svensk songar, låtskrivar og skodespelar.

Sarah Dawn Finer

Fødd14. september 1981 (42 år)
FødestadAdolf Fredriks församling
OpphavSverige
Aktiv2001–
Sjangersoul
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapRoxy Recordings
Verka somskodespelar, songar, låtskrivar, musikar, programleiar
MorFrancine Lee Mirro-Finer
FarDavid Finer
Sarah Dawn Finer.

Melodifestivalen endre

Finer deltok i den fjerde deltevlinga i Melodifestivalen 2007 med songen «I Remember Love». Ho gjekk vidare til finalen der ho enda på fjerdeplass.

To år seinare deltok ho i den fjerde deltevlinga i Melodifestivalen med songen «Moving On» og gjekk vidare til andresjansen. Frå andresjansen gjekk ho vidare til finalen der ho enda på sjetteplass.

I finalen i Eurovision Song Contest 2009 las ho opp røystene frå Sverige. I SVT-programmet Inför Eurovision Song Contest 2011 var ho ein av dei fem i juryen som forhandsgranska og diskuterte bidraga i Eurovision Song Contest 2011.

Våren 2012 var ho programleiar for Melodifestivalen saman med Helena Bergström og Gina Dirawi. Som pausenummer i den fyrste deltevlinga framførte ho «Hela Sveriges fest» saman med dei to andre programleiarane. I den fjerde deltevlinga framførte ho ein eigen versjon av songen The Hunter saman med Stenhammarkvartetten som pausenummer.

Diskografi endre

Album endre

  • 2007: A Finer Dawn
  • 2009: Moving On
  • 2010: Winterland
  • 2011: En riktigt god jul (med Malena Ernman)
  • 2012: Sanningen kommer om natten
  • 2014: Vinterland

EP endre

Singlar endre

Kjelder endre