Sarajevo er hovudstaden og den største byen i Bosnia-Hercegovina med eit innbyggjartal på rundt 430 000 (i 2006)[1] Byen er òg hovudstad i Føderasjonen Bosnia-Herzegovina og Republika Srpska, i tillegg til sentrum i Sarajevo kommune. Sarajevo ligg i Sarajevodalen i Bosnia omgjeve av Dei dinariske Alpane ved elva Miljacka. Byen er kjend for å ha eit religiøst mangfald der tilhengjarar av islam, katolisisme, den ortodokse kyrkja og jødedomen har levd side om side i fleire hundrår. Sarajevo vert rekna for å vere ein av dei mest kulturelt viktige byane på Balkan.

Sarajevo
by
Våpenskjold
Kallenamn: Den olympiske byen
Land  Bosnia-Hercegovina
Region Føderasjonen Bosnia-Hercegovina
Republika Srpska
Kommune Sarajevo kommune
Høgd 500 m
Areal 142 km²
Folketal 429 672  (2006)
Tidssone CET (UTC+1)
Kart
Sarajevo
43°51′23″N 18°24′47″E / 43.856388888889°N 18.413055555556°E / 43.856388888889; 18.413055555556
Kart over Bosnia-Hercegovina
Kart over Bosnia-Hercegovina
Kart over Bosnia-Hercegovina
Wikimedia Commons: Sarajevo
Nettstad: www.sarajevo.ba
Historisk bilde av Sarajevo

Sjølv om det har vore busetnadar her sidan antikken vart den moderne byen til som eit ottomansk tilfluktsstad på 1400-talet.[2] Sarajevo fekk mykje internasjonal merksemd på 1900-talet. I 1914 var byen åstad for drapet på Franz Ferdinand, som utløyste Den første verdskrigen. I 1984 vart Vinter-OL halde her, medan byen på 1990-talet gjennomgjekk den lengste omleiringa i moderne militærhistorie under Bosnia-krigen. I dag er ein i ferd med å byggje opp att byen som sentrum for den kulturelle og økonomiske utviklinga i Bosnia-Hercegovina.[3]

Kjelder endre

  1. Federal Office of Statistics, Federation of Bosnia and Herzegovina. http://www.fzs.ba/Eng/gode.htm#POPULATION Arkivert 2008-04-10 ved Wayback Machine.
  2. Valerijan, Žujo; Imamović, Mustafa; Ćurovac, Muhamed (1997). Sarajevo. Svjetlost.
  3. Kelley, Steve. Rising Sarajevo finds hope again. The Seattle Times.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sarajevo
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.