Sarrebourg
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Lorraine
Moselle
Geografi
Flatevidd 16,4 km²
Flatevidd
 - By

16,40 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

13 330
  813/km²
Koordinatar 48°44′N 07°03′E / 48.733°N 7.050°E / 48.733; 7.050
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 57400
Heimeside: www.sarrebourg.org

Sarrebourg (tysk Saarburg) er ein liten by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Moselle i regionen Lorraine, og har om lag 13 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Sarre.

Historie endre

Byen vart grunnlagd som ein romersk stasjon for 2000 år sidan langs vegen mellom Reims og Strasbourg ved ein vadestad i elva Sarre. Med ein slik strategisk viktig plassering utvikla byen seg til eit kommersielt senter.

På midten av 200-talet invaderte germanarar den romerske provinsen ved Rhinen, og dei første festningsverka vart bygd. I åra 259/260 fall den romerske grensa. Frankarar busette seg så i området, og då dei merovingiske kongane styrte området var byen framleis eit viktig senter, men under det karolingiske styret vart byen knapt nemnd.

Sarrebourg vart verna av biskopen i Metz fram til Henrik Fuglefangar annekterte Lorriane til Austfrankarriket. Sarrebourg vart så eit len under biskopane av Metz. I 1240 vart festningsverka i byen utvida, og byen blømde økonomisk fram til 1300-talet. Produksjon av glas og kermaikk stod for mykje av denne veksten.

Forholdet til Metz vart derimot dårleg, og Sarrebourg bad om å få vern av hertugen i Lorraine. Under trettiårskrigen vart byen lagd aude, og pest og svolt følgde i åra etter. Dette førte til at Leopold, hertug av Lorraine til slutt inviterte immigrantar frå Tyrol, Sveits og Italia til Lorraine.

Med Freden i Vincennes i 1661 vart Sarrebourg ein del av Frankrike, og høyrde no til ei landstripe som knytte Frankrike til Alsace, og som delte Lorraine i to. Den øydelagde byen vart bygd opp att.

Frå 1871 til 1919 høyrte Sarrebourg til Tyskland, og vart igjen teke av Tyskland under den andre verdskrigen. I dag er Sarrebourg igjen eit blømande kommersielt senter med industri som baserer seg på metall, trykkeri, skoproduksjon og jordbruksprodukt.

Bakgrunnsstoff endre