Sastrugi (frå russisk, fleirtalsform av sastruga) er skarpe og ujamne fuger eller furer som vert danna på ei snøflate av vinderosjon og deposisjon. Desse finn ein vanlegvis i polare strøk og tempererte snødekka område. Dei liknar sanddyner, men skil seg frå desse ved at dei går parallelt med den rådande vindretninga. Ordet er tatt frå russisk og er i fleirtal, i eintal vert det kalla «sastruga».

Sastrugi oppstår som følgje av vinderosjon, saltasjon av snøpartiklar og deposisjon. Dei minste ujamnskapane vert kalla krusningar (om lag 1 cm høge), vindryggane er litt større, medan sastrugi vert opp til 1 meter høge. Overflata er hard med kontinuerlege «bølgjer». Sastrugi kan skape trøbbel for skigåarar, og lange reiser på ujamne flater med sastrugi kan vere svært slitsamt og ein kan knekke skia.

Bakgrunnsstoff endre

  • Perla, R., B. Glenne. (1981 CE). Handbook of Snow, Principles, Processes, Management and Use (pp. 709-740). ISBN 0-08-025375-X

Nettstader endre