Satrap (frå gresk σατράπης satrápēs, etter gammalpersisk xšaθrapā(van) khsjathra-pava, 'vernar av landet') var tittelen til provinsguvernørane i dei antikke persiske Akamenide- og Sassaniderika.

Mynt som viser Farnabazos, satrap av Frygia.

Medan inndelinga av Persarriket i provinsar allereie hadde byrja under medarane på 600-talet f.Kr., var det Kyros den store som rundt 530 f.Kr. innførte satrapar som visekongar som herska i namnet til den persiske storkongen. Tidlegare kunne erobra kongedøme bli til klientkongedøme under persarane, no blei dei innlemma i riket. Darios den store sementerte satrapstyret, auka talet på dei til 23, og fastsette den årlege tributten deira (Behistun-innskrifta). På det meste var det 28 satrapdøme.

Ein satrap var ansvarleg for landet han styrte som administrator. Han samla inn skatt, styrte lokale embetsmenn, byar og stammar, og var overdommar for sivile og kriminelle saker. Satrapen hadde ansvar for at vegane var trygge, og måtte slå ned røvarar og opprørarar om det trongst. Store satrapdøme kunne delast inn i mindre område som også var styrte av satrapar. To satrapdøme kunne ved somme høve også styrast av same mann.

Satrapane var kontrollerte av sekretærar og sendebod frå storkongen. Ein av dei var kalla «kongens auge» og rapporterte direkte til kongen. Satrapar hadde likevel makt og status nær den kongar hadde, og nytta dei fleste høve til å få meir innverknad.

Aleksander den store erobra Persarriket på 330-talet f.Kr., heldt han på satrapordninga, men bytta ut dei persiske embetsmennene med makedonske. Ordninga med satrapar blei mellom anna vidareført til Det indo-skytiske riket og det satrap-styrte Kshaharatariket i Sør-Asia. Austromarriket brukte nemninga «satrap» om dei delvis sjølvstendige fyrstane av Romersk Armenia.

Satrapdøme i Det makedonske riket rundt 320 f.Kr.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre