Saturnmånen Epimetheus

Epimetheus (gresk Επιμηθεύς, 'den etterpåkloke') er ein av månane til Saturn. Han er au kjend som Saturn XI. Månen er namnsett etter Epimethevs i gresk mytologi, bror til Promethevs.

Epimetheus
Sørpolområdet til Epimetheus fotografert av Cassini-sonden
Oppdaging[1][2]
Oppdaga avRichard Walker/Stephen M. Larson og John W. Fountain
Oppdagingsdato1966/1978
Baneskildring[1]
151 410 km
Eksentrisitet0,0098
0,694 dagar
Banehelling0,351°
Satellitt avSaturn
Fysiske eigenskapar
Snittdiameter
116,2 km[1]
Masse5,2603 × 1017 kg[1]
0,64 g/cm³[1]
0,010 m/s²[1]
125 km/t[1]
bunden[1]
0,015°
Albedo0,8 (synleg geometrisk)[3]

Ein asteroide har same namn, 1810 Epimetheus.

Oppdaging endre

Epimetheus går så og seie i same bane som Janus. Astronomane gjekk ut i frå at det var berre eit lekam i denne banen og hadde difor problem med å rekne ut baneparametrane, det er tydeleg at observasjonar av to objekt gjer det umuleg å få system på baneutrekningane.

Audouin Dollfus observerte ein måne 15. desember 1966, og han foreslo namnet «Janus»[1]. 18. desember gjorde Richard L. Walker ein tilsvarande observasjon som nå er kreditert til å vera oppdaginga av Epimetheus[2]. Men på den tida trudde ein at det var berre ein måne i denne banen, uoffisielt namnsett «Janus».

Tolv år seinare, i oktober 1978, skjønte Stephen M. Larson og John W. Fountain at observasjonane i 1966 best kunne forklarast med to åtskilte objekt (Janus og Epimetheus) som delte nesten same bane. Dette blei bekrefta i 1980 av Voyager 1, og dermed deler Walker offisielt oppdaginga av Epimetheus med Larson og Fountain.

Oppdaginga i 1980 med Voyager fekk namnet S/1980 S 3, og han blei offisielt namnsett «Epimetheus» i 1983. Namnet Janus blei offisielt godkjend av IAU på same tid, men da hadde dette namnet blitt nytta uformelt sidan Dollfus foreslo det nokre dagar etter oppdaginga i 1966.

Banesamanhengar mellom Epimetheus og Janus endre

Epimetheus og Janus er «ko-orbitale». Baneradiusen til Janus frå Saturn er 151 472 km og baneradiusen til Epimetheus er 151 422 km, eit skilje på berre 50 km. Sidan mindre banar har høgare hastigheiter må dei to månane uungåeleg nærme seg kvarandre, og sidan diameteren til Epimetheus er 115 km og diameteren til Janus er 178 km skulle ein tru at ein kollisjon au skulle vera uungåeleg. Men ettersom den indre månen tar igjen den ytre vil den felles gravitasjonelle tiltrekkinga gi den indre månen ein auke i moment og dermed heva banen hans, noko som au gjer at han sakkar farten. Den ytre månen mistar same mengd moment, og detter ned i ein lågare bane og får samtidig høgare fart. På denne måten «byter» månane banar, og byrjar å gå frå kvarandre igjen utan å verkeleg komma veldig nær kvarandre. Byttet tar plass ein gong omtrent kvart fjerde år. Foreløpig er dette opplegget unikt i solsystemet, til nå er ikkje noko tilsvarande kjent.

Fysiske karakteristikkar endre

 
Epimetheus, sett frå Voyager 1

Epimetheus har fleire krater på over 30 km i diameter i tillegg til både små og store ryggar og groper. Dei mange kratera tyder på at månen må vera ganske gammal. Janus og Epimetheus kan ha blitt danna frå oppdelinga av ein måne til å danne dei ko-orbitale satellitane, men viss dette skal stemme må dette ha hendt svært tidleg i historia til solsystemet. Frå den låge tettleiken og relativt høge albedoen ser det ut til at Epimetheus er ein svært porøs islekam. Usikkerheitene til desse verdiane er store, så dette er foreløpig ubekrefta.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Epimetheus: Facts & Figures - NASA Solar System Exploration
  2. Planet and Satellite Names and Discoverers - Gazetteer of Planetary Nomenclature
  3. Saturnian Satellite Fact Sheet - NSSDC

Bakgrunnsstoff endre