Saturnmånen Mimas

saturnmåne

Mimas er ein av månane til Saturn. Han vart oppdaga i 1789 av William Herschel og er oppkalla etter ein av titanane som vart felt av Herakles. Truleg finst det eit globalt hav under yta på Mimas som vart danna innan dei siste 25 millionar åra.[3]

Mimas
Mimas sett frå Cassini-sonden
Oppdaging[1]
Oppdaga avWilliam Herschel
Oppdagingsdato17. september 1789
Baneskildring[1]
185 539 km
Eksentrisitet0,0196
0,942 dagar
Banehelling1,574°
Satellitt avSaturn
Fysiske eigenskapar
Snittdiameter
396,40 ± 0,50 km[1]
Masse3,7506 × 1019 kg[1]
1,15 g/cm³[1]
0,064 m/s²[1]
bunden
0,005°
Albedo0,6 (synleg geometrisk)[2]

Den låge tettleiken til Mimas tyder på at den for det meste består av is, med ein liten del stein. Overflata er dominert av eit nedslagskrater med ein diameter på 130 km ein har gjeve namnet Herschel. Krateret er så stort at det utgjer ⅓ av den totale diameteren til månen. Kraterveggene er omtrent fem km høge, botnen går så djupt som ti km, og toppen i midten står seks km over kraterbotnen. Nedslaget må ha vore i nærleiken av å knuse Mimas. Det er observert sprekkar på den motsette sida av månen som kan ha oppstått under nedslaget.

Overflata er metta med krater, men ingen av dei er på langt nær så store som Herschel. Dette tyder på at Mimas tidlegare har vore bombardert av enda større lekam enn det som skapte Herschel, noko som førte til at alle spor etter tidlegare nedslag vart viska ut. Restane har så samla seg og danna Mimas slik månen er no.

Interaksjon med Saturn sine ringar endre

Observasjonar av romsonden Cassini har vist at Mimas og utsjånaden på G-ringen i ringane til Saturn har ein samanheng. Mimas bidreg til å halde dei fine partiklane i denne ringen på plass.[4]

Kjelder endre

  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.