Sauetang
Sauetang
Sauetang
Systematikk
Rike: Det gule riket Chromista
Rekkje: Ochrophyta
Underrekkje: Phaeista
Klasse: Brunalgar Phaeophyceae
Orden: Tang Fucales
Familie: Fucaceae
Slekt: Pelvetia
Art: Sauetang P. canaliculata
Vitskapleg namn
Pelvetia canaliculata

Sauetang (Pelvetia canaliculata) er ei vanleg brunalge på berg langs strandlinene i Europa.

Utsjånad endre

1-3 dm høg brunalge med 1-3 mm breie gaffelgreina skot, som manglar midtnerve og blærer, og som særleg kan kjennast på dei innrulla kantane. Formeiringsorgana vert utvikla i greinspissane. Dei er ovale og opp til 3 cm lange, og førekjem heile året, men mest sommar og haust. Hann- og hoorgana finst på same plante.

Utbreiing endre

 
Sauetang på sidene av ein slipp

Arten er vanleg på den europeiske atlanterhavskysten frå Island til Spania, medrekna Noreg, dei britiske øyane, Nederland, Frankrike og Portugal. I Irland har innsamling av planta vore ei matkjelde i tider med hungersnaud.

Førekomst i Noreg endre

Tangen veks på berggrunn og så høgt i fjøra at han er turrlagd ein stor del av tida. Han finst frå Stavangertraktene til Finnmark.

Kjelder endre