Saul Bellow (fødd Solomon Bellows, fødd 10. juni 1915 i Lachine ved Montréal, død 5. april 2005 i Brookline i Massachusetts) var ein canadisk-fødd amerikansk forfattar som i 1976 fekk Nobelprisen i litteratur «for den menneskelege forståinga og skarpsindige analysen av samtidskulturen som sameinast i kunsten hans.»[1][2] Kort tid før han fekk Nobelprisen, fekk han Pulitzerprisen for skjønnlitteratur for Humboldt's Gift (1975).

Saul Bellow

Statsborgarskap USA
Fødd 10. juni 1915
Lachine
Død

5. april 2005 (89 år)
Brookline

Yrke skribent, romanforfattar, universitetslærar, essayist, forfattar
Medlem av American Academy of Arts and Sciences, American Academy of Arts and Letters
Religion Jødedommen
Ektefelle Alexandra Bellow
Born Adam Bellow
Signatur
Saul Bellow på Commons

Liv endre

Solomon Bellows var son av ein jødisk immigrantfamilie frå St. Petersburg og det første språket han lærte var hebraisk. Han var fødd ved Montréal, men familien flytta til Chicago då han var ni år. Bellow sjølv og litteraturen hans var påverka av det aust-jødiske storbymiljøet han voks opp i.

Bellow tok bachelorgraden i antropologi og sosiologi ved Northwestern University og arbeidde deretter ved University of Wisconsin, som journalist og tilslutt som universitetsprofessor i litteratur. Ein kort periode var han medarbeidar ved Encyclopædia Britannica. I dei tidlege verka sine sysla Bellow mykje med einskildmenneska sin einsemd i det profittfikserte amerikanske konsumsamfunnet.

Bellow var gift fem gonger, blant andre med matematikaren Alexandra Bell. Då han døydde etterlèt han seg tre søner og ei femårig dotter.

Virke endre

Hovudtema i verka til Bellow er situasjonen til mannlege, amerikanske, jødiske intellektuelle som kjempar seg fram i livet utan religiøse bindingar og som slit tungt i kjønnskampen. Hendingane utspelar seg særleg i New York og Chicago. Den eigne mindreverdskjensla gjorde Bellow kjenslevar for sosiale motsetnader; samstundes var han ein vaken diognostikar av kulturelle tendensar og endringar. I dei seine verka var hovudpersonane aktive menneske som meistra det skjebnen hadde på lur for dei, og som verka inn på omgjevnaden.

Ifølgje forfattaren Philip Roth utgjorde Bellow og William Faulkner «ryggraden til den amerikanske 1900-tals-litteraturen.» Bellow fekk sitt litterære gjennombrot med den tragikomiske romanen Herzog (1964) som mange kritikarar held for å vere hans beste.

Referansar endre

  1. "for the human understanding and subtle analysis of contemporary culture that are combined in his work"
  2. Saul Bellow på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff endre