Saunders Coast is located in Antarktis
Saunders Coast
Saunders Coast (Antarktis)

Saunders Coast (77°45′S 150°0′W / 77.750°S 150.000°W / -77.750; -150.000) er den delen av kysten av Marie Byrd Land som ligg mellom Cape Colbeck og Brennan Point, eller mellom Shirase Coast i vest og Ruppert Coast i aust. Han strekkjer seg frå 158°00'W til 146°31'W. Delen vest for 150°W høyrer til Ross Dependency, medan ingen nasjonar har gjort krav på resten av området. Kysten vart utforska frå lufta den 5. desember 1929 av Byrd-ekspedisjonen (1928-30) og vart først kartlagt frå flyfotografi frå denne flyturen av kaptein Harold E. Saunders, USN, som kysten er kalla opp etter. US Geological Survey (USGS) kartla kysten ferdig frå landmålingar frå bakken og flyfoto teken av U.S. Navy 1959-65.

Saunders Basin (76°50′S 155°0′W / 76.833°S 155.000°W / -76.833; -155.000) er eit undersjøisk basseng sentralt på Ross isbrem som fekk namn i samband med Saunders Coast.

Kjelder endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Saunders Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).