Scheur eller Het Scheur er ei grein av Rhinen-Maas-deltaet i Zuid-Holland i Nederland som renn vestover frå der elvane Oude Maas og Nieuwe Maas renn saman etter byane Rozenburg og Maassluis. Ho munnar ut i Nieuwe Waterweg som renn vidare til Nordsjøen.

Scheur
elv
Land  Nederland
Lengd 10 km
Kjelde Nieuwe Maas, Oude Maas
Munning Nieuwe Waterweg
Kart
Scheur
51°54′54″N 4°14′31″E / 51.915°N 4.242°E / 51.915; 4.242

Opphavleg var Scheur den nordlege greina av elva rundt øya Rozenburg og snudde sørover eit par kilometer etter Maassluis før ho rann saman med Nieuwe Maas igjen i Maasmond-estuaret nær Den Briel. Då Nieuwe Waterweg stod ferdig i 1872 vart Scheur demd opp og tilknytt austenden av Nieuwe Waterweg for å danne den nye kanaliserte hovudmunningen til Rhinen-Maas-deltaet.

Kjelder endre