Schiermonnikoog (frisisk Skiermûntseach) er ein kommune, ei øy og ein nasjonalpark nord i Nederland. Schiermonnikoog er ei av Dei vestfrisiske øyane i provinsen Friesland. Den einaste landsbyen på øya heiter òg Schiermonnikoog. Kommunen er den minst folkesette kommunen i heile Nederland.

Schiermonnikoog
Satellittbilete av Texel
Satellittbilete av Texel
Satellittbilete av Texel
Flagget til Schiermonnikoog
Flagget til Schiermonnikoog


Plassering
Plassering av Schiermonnikoog
Plassering av Schiermonnikoog
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Friesland
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

199,07 km²
  40,54 km²
  158,52 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

947
  23/km²
Koordinatar 53°29′N 6°10′E / 53.483°N 6.167°E / 53.483; 6.167
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.schiermonnikoog.nl

Historie endre

 
Fyr på Schiermonnikoog

Dei første kjende eigarane av Schiermonnikoog var munkar i cistercinsarklosteret Klaarkamp nær Rinsumageest på fastlandet.[2]. Monnik tyder «munk» og schier er eit gamalt ord for «grå» og refererte til fargen på kleda til munkane. Namnet tyder derfor «Øya til dei grå munkane».

Tidvasstraumane og den rådande vind- og bølgjeretninga gjer at øya sakte «flyttar» seg søraustover. I år 1250 låg ho om lag to kilometer lenger nord enn i dag og hadde ei heilt anna form.[3]. I 1717 og 1720 førte stormflod til flaum i landsbyen Westerburen som hadde utvikla seg nær munkebygningane. Landsbyen vart fråflytta og i 1756 vart den nye landsbyen Oosterburen bygd lenger aust. I dag heiter denne landsbyen Schiermonnikoog.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Statline
  2. Stenvert, R. et al. (2000). Monumenten in Nederland: Friesland, s. 265–267. Zwolle: Waanders Uitgevers. ISBN 90-400-9476-4.
  3. Van de Ven, G. (editor) (1996). Leefbaar laagland, s. 90. Utrecht: Uitgeverij Matrijs. ISBN 90-5345-031-9.