Scholae Collegium

Scholae Collegium er eit norsk damekor frå Voss, som starta opp i 1975 med 8 kvinnelege lærarar. Fram til koret offisielt la opp i 2001, blei koret utvida med tre songarar, den eine av dei fungerte også som koret sin pianist når det trong tonefølgje.

Repertoaret har i hovudsak vore norske folkeviser, folketonar og romansar, men og ein del populærmusikk og amerikanske barbershop-songar.[1] Ein stor del av repertoaret vart laga spesielt for Scholae Collegium, blant anna av lokale komponistar/arrangørar som m.a. Per Indrehus og Arvid Aarsnes.

Scholae Collegium har sjølv arrangert, og teke del i mange ulike konsertar, både eigne og i lag med andre samarbeidspartnarar opp gjennom åra, i tillegg til kortare eller lengre innslag ved ymse arrangement i Sør-Noreg (ca. 300 gjennom 25 år).

Koret var på turne i USA i 1981,[1] der det samarbeidde med BUL Ervingen frå Bergen, i eit program med Norsk Folklore, song og dans. I 1985 var koret på turne til Orknøyene[2] i samarbeid med mannsoktetten Käraste Bröder frå Bergen. Dette var eit reint korprogram.

Scholae Collegium var med i Landskonkurransen "Syng for oss" i 1993 (1. pris i klassen damekor A) og i 1995 (3.pris i same klasse). Koret skåra høgt på formidling, musisering og diksjon.

Scholae Collegium har gjort to kassett-/CD-produksjonar: Den fyrste (1981) inneheld eit utval av norske folkeviser og eng./am. populærmelodiar.

Den andre (1991) har tittelen "Det lyser i stille grender". Den er eit samarbeid med Voss Barnekantori v/Grethe Hovland, og lokale musikarar, og inneheld julesongar på nynorsk.

Medlemer i Scholae Collegium har vore:

Tone Jørgensen Fuglehaug, initiativtakar, kunstnarleg leiar og dirigent

Kari Aaarflot Hesjedal, Torgunn Solvoll Bakketun, Grethe Hovland, Ingunn Hommedal, Johanne Vidnes Brandseth, Ingebjørg Reisæter Skorpen, Ingrid Steine Geitle, Laila Rynning Veum, Andi Hjeltnes, Astrid Kløve-Graue.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Sogningen-Sogns Avis». Sogndal. 30. mars 1989. s. 24. 
  2. «Sogningen-Sogns Avis». Sogndal. 12. juni 1990. s. 23.