Schrödingers katt

Schrödingers katt er òg namnet på eit vitskapsprogram på NRK. Sjå TV-programmet Schrødingers katt

Schrödingers katt er eit paradoks i kvantefysikk, sett fram av Erwin Schrödinger i 1935 for å visa at teorien om kvantemekanikk er ufullstendig. Tankeeksperimentet var ein del av eit lengre skrift som gjekk over fleire utgåver i Die Naturwissenschaften, årgang 1935. Seinare har paradokset hans mange gonger feilaktig vore framstilt som ein teori Schrödinger hadde.

Schrödingers katt: ein katt, ei giftflaske og ei radioaktiv kjelde er plassert i ein lukka boks. Om det vert registrert radioaktivitet, vert flaska knust og katten døyr av gassen som slepp ut. Ein kan berre vite om katten er død eller levande ved å kikke inn i boksen

Tankeeksperimentet går ut på at ein har eit radioaktivt atom i ein lukka boks saman med ein katt. Ein geigerteljar er kopla til ein hammar og ei flaske blåsyre inne i boksen. Viss atomet desintegrerer og geigerteljaren registrerer ein alfapartikkel, vil hammaren knuse flaska med syre slik at det blir frigjeve giftig cyanid og katten døyr. Lagnaden til katten er dermed knytt til bølgjefunksjonen til atomet.

København-tolkinga av kvantemekanikk impliserer at etter ei stund er katten samstundes både død og levande. Likevel, når ein ser inn i boksen, vil ein sjå at katten anten lever eller er død, ikkje både levande og død. Dette demonstrerer at overgangen mellom endeleg og uendeleg ikkje er påvist før ein har gjort ei eksakt måling.

Då Schrödinger seinare vart spurd om katten, vart han irritert og påpeikte at «det var på sett og vis ein spøk».

Kjelder endre