Sderot (hebraisk skrift שְׂדֵרוֹת) er ein by vest i Negev i Det sørlege distriktet i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde han mot slutten av 2011 eit folketal på 24 000.[1] Byen har stadig vore eit mål for Qassam-rakettar frå Gazastripa sidan 2001.

Sderot
שְׂדֵרוֹת
by
Offentleg bomberom i Sderot
Våpenskjold
Namneopphav: Avenyar
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°31′22″N 34°35′43″E / 31.52278°N 34.59528°E / 31.52278; 34.59528
Areal 4,472 km²
Folketal 24 000  (2011)[1]
Folketettleik 5 367 / km²
Grunnlagd 1951
 - Bystatus 1996
Borgarmeister David Buskila
Kart
Sderot
31°31′30″N 34°35′49″E / 31.525°N 34.596944444444°E / 31.525; 34.596944444444
Wikimedia Commons: Sderot

Sderot ligg mindre enn 1 km frå Gaza (det næraste punktet er 840 m).[2] Rakettåtak mot byen har teke livet av 13 israelarar fram til 2008, skadd dusinvis og ført til millionar av dollar i skadar, i tillegg til å ha hatt stor innverknad på dagleglivet.[3] Studiar har vist at flysirenene og eksplosjonar har ført til psykologiske traume hos enkelte innbyggjarar.[4] Frå midten av juni 2007 til midten av februar 2008 vart det avfyrt 771 rakettar og 857 granatar mot Sderot og det vestlege Negev, i snitt 3-4 kvar dag.[5]

Historie endre

Sderot vart grunnlagd i 1951 som ein transittleir for kurdiske og persiske jødiske immigrantar, som budde i telt og skur under den jødiske utflyttinga frå muslimske land. I 1954 stod permanent bustadhus ferdige.[6] Han vart bygd på landområdet som høyrte til den palestinsk-arabiske landsbyen Najd[7] og ligg nokre få kilometer sør for ruinane av denne landsbyen. Den 13. mai 1948 vart Najd okkupert av Negev-brigaden som ein del av Operasjon Barak, og landsbybuarane vart drivne bort[8] til Gaza. I 1956 fekk Sderot status som lokal kommune.[9]

Sderot fekk eit symbolsk namn, etter dei mange avenyane med rekkjer av tre som vart planta i Negev, særleg mellom Beer Sheva og Gaza, for å motverke ørkenspreiing og gjere det tørre landskapet vakrare. Som mange stader i Negev har namnet Sderot eit grønt motiv som symboliserer mottoet «lage ørkenblomen», ein sentral del av sionistisk ideologi.[10]

 
Skule i Sderot, tidleg 1950-åra

Sderot tok i mot store mengder immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen i 1990-åra, og folketalet dobla. I 1996 fekk han bystatus.

Folketalet har sidan falle etter familiar lei av bombetrugselen frå Gaza har flytta. I 2008 hadde folketalet falle 10-15%. Mange av familiane som var att var dei som ikkje hadde råd til å flytte, eller ikkje klarte å selje heimane sine.[11]

Venskapsbyar endre

Sderot er venskapsby med:

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 5. september 2015. 
  2. «Ambassador visits Sderot, impressed by 'spirit of town'». Ukinisrael.fco.gov.uk. Arkivert frå originalen 18. mars 2012. Henta 5. september 2015. 
  3. Avi Jissakaroff; Mijal Grinberg. «2 israelarar Lightly Wounded as 33 Rockets Slam in Western Negev». Haaretz. Henta 5. september 2015. 
  4. Sharfman, Jake (17. desember 2009). «Tiny organization fights to make Sderot's voice heard». Haaretz. Henta 5. september 2015. 
  5. «Qassam Rockets — Background and Statistics». sionisme-Israel.com. Henta 6. september 2015. 
  6. «Gimme shelter». Heebmagazine.com. 24. mars 2009. Henta 5. september 2015. 
  7. Khalidi (1992), s. 128
  8. Benny Morris. The Birth of the Palestinian Refugee Problem. Cambridge University Press. s. 258. 
  9. HaReuveni (1999), s. 908
  10. Sasson (2010), s. 137
  11. Hadad, Shmulik (19. mars 2008). «Sderot: Those Who Can Afford It Have Already Left». Ynetnews. Henta 6. september 2015. 
  12. Sderotplatz in Zehlendorf June 10, 2009. Henta 6. september 2015.

Bakgrunnsstoff endre