Seamus Justin Heaney (3. april 193930. august 2013) var ein irsk poet, dramatikar, omsettar og universitetslærar.

Seamus Heaney

Statsborgarskap Irland
Fødd 13. april 1939
Castledawson
Død

30. august 2013 (74 år)
Dublin

Yrke skodespelforfattar, omsetjar, lingvist, lyrikar, skribent, universitetslærar, skodespelar, forfattar
Språk engelsk
Sjanger dikt
Medlem av Aosdána, Royal Irish Academy, Royal Society of Literature, American Academy of Arts and Sciences, Academia Europaea
Religion katolisisme
Far Patrick Heaney
Mor Margaret Kathleen McCann
Ektefelle Marie Devlin
Signatur
Seamus Heaney på Commons

Heaney fekk Nobelprisen i litteratur i 1995 «för ett författarskap av lyrisk skönhet och etiskt djup, som lyfter fram vardagens mirakler och det levande förflutna.»[1][2]

Marie og Seamus Heaney (1996)

Liv endre

Seamus Heaney kom frå ein katolsk bondefamilie og var den eldste i ein ungeflokk på ni. Faren var kveghandlar.[3] Frå 1951 til 1957 gjekk Seamus på den katolske internatskolen St. Columb’s College i Londonderry,[4] og fra 1957 til 1961 studerte han engelsk språk og litteratur ved Queen’s University i Belfast.[5] Etter eksamen arbeidde Heaney som lærar ved St. Thomas Secondary School og St. Joseph College i Belfast, og frå 1966 som dosent ved Queen’s University. Seamus Heaney var gift med læraren Marie Devlin; saman fekk dei to søner.[5]

Virke endre

Dei første dikta til Heaney kom i London- og Belfast-baserte tidsskrift etter 1961. Han grunnla tidleg eit ry som samtidsdiktar med diktsamlingane Death of a Naturalist (1966) og Door into the Dark (1969). Heimlandet er et attvendande tema verka verka hans, til dels òg irske segner og myter.

Diktsamlingane Wintering Out (1972) og North (1975) avspeglar på den eine sida konflikten i Nord-Irland, utan at Heaney er ein politisk diktar i eigentleg forstand; på den andre sida høyrer dei både til den irske og den engelske dikttradisjonen, noko som syner den kulturelle identiteten som brite og medlem av den katolske minoriteten i Nord-Irland. Viktigare reint litterært er kanskje dikta der han beskriv naturopplevingar som metaforar for det menneskelege tilværet, som i diktet Death of a Naturalist. I 199 omsette Heaney Beowulf til moderne engelsk på stavrim.

Heaney engasjerte seg i borgarinitiativet Ireland for Europe, som arbeidde for at Irland skulle seie ja til Lisboatraktaten.[6]

Verk endre

  • Blackberry Picking
  • Mid Term Break
  • Eleven Poems (Belfast: Festival Publications, Queen's University, 1965)
  • Digging (Faber & Faber, 1966)
  • Death of a Naturalist (Faber & Faber, 1966)
  • A Lough Neagh Sequence (Manchester: Phoenix Pamphlets Poets Press, 1969)
  • Door into the Dark (Faber & Faber, 1969)
  • Boy Driving His Father to Confession (Surrey: Sceptre Press, 1970)
  • Night Drive (Devon: Richard Gilbertson, 1970)
  • Servant Boy (Detroit: Red Hanrahan Press, 1971)
  • Wintering Out (Faber & Faber, 1972)
  • The Fire i' the Flint: Reflections on the Poetry of Gerard Manley Hopkins (Oxford University Press, 1975)
  • North (Faber & Faber, 1975)
  • Field Work (Faber & Faber, 1979)
  • Selected Poems 1965–1975 (Faber & Faber, 1980)
  • An Open Letter (Field Day, 1983)
  • Station Island (Faber & Faber, 1984)
  • The Haw Lantern (Faber & Faber, 1987)
  • New Selected Poems 1966–1987 (Faber & Faber, 1990)
  • Seeing Things (Faber & Faber, 1991)
  • Sweeney's Flight (mit Rachel Giese, Fotografin) (Faber & Faber, 1992)
  • The Spirit Level (Faber & Faber, 1996)
  • Opened Ground: Poems 1966–1996 (Faber & Faber, 1998)
  • Electric Light (Faber & Faber, 2001)
  • District and Circle (Faber & Faber, 2006)

Prisar i utval endre

Referansar endre

  1. "for works of lyrical beauty and ethical depth, which exalt everyday miracles and the living past".
  2. Nobeltildelinga 1995 på nobelprize.org
  3. «Hölzerner Bauernlümmel», Die Welt online
  4. Wolfgang Wicht: Nachwort. I Norden. North. Gedichte. Reclam, Leipzig 1987, s. 109.
  5. 5,0 5,1 Thomas David: Retten Gedichte unsere Seele, Mr Heaney? I Frankfurter Allgemeine Zeitung, 24. desember 2011, nr. 300, s. Z 6.
  6. Barbara Klimke: „Diese diffuse Europa-Furcht“, i: Berliner Zeitung, 30. september 2009. (online)

Bakgrunnsstoff endre