Seattle er den største byen i den amerikanske delstaten Washington. Innbyggjartalet i byen er 573 000 (2005), i byområdet 3,8 millionar.

Seattle
by
Land  USA
Stat Washington
Areal 369,243614 km²
Folketal 737 015 (1. april 2020)[1]
Kart
Seattle
47°36′22″N 122°19′55″W / 47.60621°N 122.33207°W / 47.60621; -122.33207
Wikimedia Commons: Seattle

Seattle er berømt mellom anna som heimbyen til TV-serien Frasier og kafékjeda Starbucks. Byen blir dessutan ofte forbunde med grunge-rørsla og Kurt Cobain, kjente delar av musikkbiletet på starten av 1990-åra.

Seattle er også ein av byane i USA med flest norsk-amerikanarar, det blir til dømes arrangert 17. mai-tog her kvart år.

Byen husar laget Seattle Seahawks i amerikansk fotball, baseball-laget Seattle Mariners og korgball-laget Seattle Supersonics.

Like sør for byen ligg hovudkvarteret til Boeing, og aust for byen (i Redmond) ligg hovudkvartertet til Microsoft.

I 1999 var det store demonstrasjonar i Seattle i samband med eit WTO-møte. Demonstrantane lukkast i å stoppa toppmøtet, og dette vart opptakten til ei rekkje liknande demonstrasjonar verda over mot nyliberalismen og den økonomiske globaliseringa.

Verdt å sjå endre

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.