See See Rider Blues
Singel av Ma Rainey
B-side

«Jealous Hearted Blues»

Språk engelsk
Utgjeve 1924–1925
Innspelt 16. oktober 1924
Sjanger Blues
Lengd 3:16
Selskap Paramount (Cat. nr. 12252)
Komponist Ma Rainey, Lena Arant
Tekstforfattar Ma Rainey, Lena Arant
Låtskrivar(ar) Ma Rainey, Lena Arant
Ma Rainey-kronologi 
«Booze and Blues»/ «Toad Frog Blues»
(1924)
See See Rider Blues «Cell Bound Blues»/ «Ya Da Do»
(1924)


«See See Rider», òg kjend som «C.C. Rider» eller «See See Rider Blues» eller «Easy Rider», er ein populær amerikansk 12-taktsblues.[1] Han vart først spelt inn av Gertrude «Ma» Rainey i 1924, og har sidan den gong vorte spelt inn av mange andre artistar.

Songen nyttar hovudsakleg ein tradisjonell bluestekst som fortel soga om ein utru kjæraste, kalla easy rider. «See See rider, see what you have done» er eit ordspel på ordet «see» og lyden av «easy».

Forskjellige versjonar endre

See See Rider
Singel av The Animals
frå albumet Animalization
A-side

«Help Me Girl» (UK)

B-side

«She'll Return It» (USA)

Språk engelsk
Utgjeve 1966
Sjanger R&B, rock, soul, hardrock
Lengd 4:00 (album), 2:51 (singel)
Selskap MGM
Komponist Ma Rainey, Lena Arant
Tekstforfattar Ma Rainey, Lena Arant
Låtskrivar(ar) Ma Rainey
Produsent Tom Wilson
The Animals-kronologi 
«Don't Bring Me Down»
(1966)
See See Rider


Songen vert rekna som ein tradisjonell song, men vart ein populær bluessong med godt over 100 forskjellige versjonar. Han vart spelt inn av mellom andre Big Bill Broonzy, Mississippi John Hurt, Lead Belly, Lightnin' Hopkins, Peggy Lee og mange andre. Broonzy hevdar at han lærte å spele blues frå ein omvandrande songar kalla «See See Rider», så han var kring 9 eller 10 år gammal, kring 1908.[2]

I 1943 gjekk ein versjon av Wee Bea Booze til topps på Billboard «Harlem Hit Parade», ein forgjengar for rhythm and blues-lista. Somme blueskritikarar reknar denne som den definitive versjonen av songen.[3]

Ein doo-wop-versjon vart spelt inn av Sonny Til og The Orioles i 1952. Seinare vart meir rocka versjonar spelt inn av Chuck Willis (som «C.C. Rider», nådde òg førsteplassen på R&B-lista, samt 12. plass på poplista, i 1957) og LaVern Baker (9. plass på R&B-lista og 34. plass på poplista i 1963). Willis-versjonen gav opphavet til dansen «The Stroll».

Andre populære versjonar vart spelte inn av Mitch Ryder & the Detroit Wheels (som ein del av ein medley kalla «Jenny Take a Ride!», 10. plass på poplista i USA i 1965) og The Animals (10. plass på poplista i 1966). Den tunge The Animals-versjonen nådde førsteplassen i Canada og 8. plass i Australia. Det var den siste singelen til bandet før dei vart oppløyst i september 1966. Songen vart arrangert av bandmedlem Dave Rowberry.[4]

Andre utgåver vart spelte inn av Elvis Presley, Jerry Lee Lewis, Ray Charles, Chuck Berry, Gary Lewis and the Playboys, The Who, The Everly Brothers, Charlie Rich, Janis Joplin, The Grateful Dead, Leon Thomas, Snooks Eaglin, John Fahey, Old Crow Medicine Show og mange fleire. I seinare år pleidde Presley å opne konsertane sine med denne songen,[5] som på On Stage og Aloha from Hawaii. Bruce Springsteen and the E Street Band spelte i lang tid «C.C. Rider» på konsertane sine, noko ein kan høyre på konsertalbumet No Nukes.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre