Seismograf eller seismometer er apparat som måler og nedteiknar seismiske bølger forårsaka av jordskjelv eller eksplosjonar. Ved hjelp av desse kan ein rekna ut storleiken av eit skjelv ut frå Richters skala.

Nylaga seismograf etter Zhang Heng sin houfeng didong yi, den første seismografen frå 132.

Ein enkel seismograf kan vera laga av eit opphengt lodd som har ein spiss eller penn nedst. Påverka av seismiske bølgjer vil innretninga teikna kurver, seismogram, som fortel noko om styrken og retninga til skjelvet.

Tidlege seismografar registrerte berre vassrette rørsler, men nyvinningar har gjeve instrument som kan måla rørsler i alle retningar.

Den første kjende seismografen blei laga av kinesiske Zhang Heng i 132. John Milne konstruerte ein seismograf av ein vassrett pendel i Japan i 1880. I dag nyttar seismografar elektroniske sensorar, forsterkarar og måleinstrument

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.