Sekstanten (frå latin Sextans) er eit stjernebilde rundt ekvatorhimmelkvelvinga. Stjernebiletet vart innført i 1687 av Johannes Hevelius.

Sekstanten
Sekstanten
Sekstanten
Latinsk namn Sextans
Forkorting Sex
Genitivsform Sextantis
Symbologi Namngitt av Hevelius
Rektasensjon 10 h
Deklinasjon
Areal 314 kvadratgrader
nr. 47 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne Alfa sextantis (α Sex) (4,49. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +80° og −80°

Kjende objekt endre

 
Stjernebiletet Sekstanten slik det er for det nakne auga.

Sekstanten dekkjer eit heller lyssvakt område av himmelen. Det har berre ei stjerne over femte storleiksklasse, nemleg α Sextantis på 4,49m. Stjernebiletet inneheld eit par dobbeltstjerner, inkludert γ, 35, og 40 Sextantis. Det er nokre få variable stjerner, inkludert β, 25, 23 Sextantis og LHS 292. NGC 3115 er ein galakse som er eit av djupromsobjekta i stjernebiletet. Biletet ligg nær ekliptikken, som gjer at månen, og somme av planetane stundom passerer gjennom biletet.

Sextans B er ein forholdsvis lys irregulær galakse med storleik 6,6, 4,3 million lysår frå jorda. Ho høyrer til Den lokale gruppa.[1]

Kjelder endre

  1. Levy 2005, s. 178.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sekstanten