Selburosa, selburose eller selbumønster er eit ornament forma som ei stjerne eller rosett med åtte spisse blad. Ho har som tradisjonelt vore brukt i mønsterstrikkeplagg frå Selbu i Trøndelag. Selburoser finst i ulike former, mønsterkombinasjonar og fargar, men oftast som svarte figurar på kvit botn. Plagg med med dette rosemønsteret kan kallast selbuvottar, selbugenser, selbustrømper, selbustrikk og så vidare.

Detalj av strikkemønster med selburose.
Kommunevåpenet for Selbu kommune viser tre svarte selburoser på grå eller sølvfarga botn.

Selburosa er truleg det meste brukte strikkemønstret i Noreg. Mønsteret er òg brukt utanfor grensene til landet som symbol på Noreg og norsk folkekunst. Selburose kan i engelsk strikketerminologi òg bli kalla Selbu star og Norwegian star.

Historikk endre

 
Utstilte selbuvarer eller selbustrikk i 1944: strikka vottar, vantar, luer, strømper, skjerf og genser.
Foto: Landbruksdepartementet, Heimeyrkekontoret/Arkivverket, Riksarkivet, digitalarkivet.no

Medan kvernsteinproduksjon lenge hadde vore viktigaste næringsveg i Selbu, blei kvernsteinar erstatta av valsemøller frå slutten av 1800-talet, og ein byrja leita etter nye måtar å få inntekter på.[1] Marit Guldsetbrua Emstad (fødd 1841) frå Selbu skal ha vore den første som leverte vottar med selburoser til Husfliden i Trondheim, i 1897. Ho kan ha henta inspirasjon frå eldre strikkeoppskrifter, treskurd og annan husflid. Liknande mønster finst òg i gamle mønsterbøker frå Italia, Frankrike, Sveits og Tyskland på 1500-1700-talet.[2]

Selbu husflidsentral blei skipa i i 1934, og etter eit par år blei det laga 90 000 par selbuvottar. Tre fjerdedelar av produksjonen blei eksportert. I tillegg til selburosa kunne selbuvottane ha bilde av personar, dyr og plantar.

Bruk som symbol endre

Kommunevåpenet for Selbu kommune viser tre selburoser, definert som 24 spisse, svarte spissruter samla i tre rosettar, to over ein mot sølvbakgrunn.[a] Den stiliserte blomen symboliserer den sentrale rolla til selbustrikken i kulturarven på staden. Våpenet vart godkjent i 1991.[3]

Den Norske Husfliden har ei rosa selburose som merke.

StatoilHydro endra namn til Statoil i 2009, presenterte selskapet ein ny logo for konsernet, ei lilla sekstakka stjerne med form som minna sterkt om selburosa brukt av Husfliden.[4][5]

Galleri endre

Sjå òg endre

Merknadar endre

  1. «I sølv 24 sorte spissruter samlet i tre rosetter»

Kjelder endre

Referansar
  1. «Skatten i srikkebokkista». Dag og tid. 24. februar 2017. s. 27. 
  2. Om selbumønsteret i Andemor Sundbøs Kvarsdagsstrikk frå 1994 (avfotografert bok frå Nasjonalbiblioteket)
  3. Selbu kommune om kommunevåpenet (2011), arkivert frå originalen 27. desember 2016, henta 11. januar 2018 
  4. «Statoil ASA». Store norske leksikon. 
  5. «Statoil sponser Husfliden etter 'logotyveri'». TV2.no. 19.11.2009.