62°3′3.9960″N 5°17′48.728″E / 62.051110000°N 5.29686889°E / 62.051110000; 5.29686889

Klosteret på Selja i dag

Selje kloster er ruinane av eit benediktinarkloster på øya Selja i Selje kommune i Sogn og Fjordane fylke. Klosteret ligg rett sør om Stadlandet, på vestsida av øya, rett ut mot Sildegapet og Stadhavet. Øya Selja ligg 15 minutt med båt frå fastlandet. Øya er 1,56 km² og er dekt av lyng, myr og noko skog. Høgste punktet er Varden, 201 m.o.h.

St. Sunniva på alterskap i Austevoll kyrkje frå 1500-talet, no i Bergen museum.

Soga om Sunniva endre

Opprettinga av bispesete på Selja i 1068 og seinare bygging av eit benediktinarkloster vert sett i samanheng med Sunniva-legenda. Ho finst i tre versjonar frå mellomalderen, der den mest omfattande er «Acta Sanctorum in Selio». Ho er skriven på latin om lag 1170. Her vert det fortalt at Sunniva var ei kongsdotter frå Irland som var namngjeten for venleiken og rikdomen sin. Ein heidensk, brutal friar ville true henne til ekteskap, men i staden for å underkaste seg denne mannen gav ho seg av fri vilje over til ein ukjend lagnad ved å dra frå Irland med folka sine i tre skip utan segl, ror eller årar. «Det var ein heil flokk, menn, kvinner og barn, som gav seg havsens bølgjer i vald for å sleppe unna brottsjøane til det verdslege livet [...] Etter ei lang reise på sjøen førte Gud dette storarta reisefølgjet til ein del av Noreg som vert kalla Fjordane fylke [...] Då sjøen hadde lagt seg, landa den heilage Sunniva og brorparten av følgjet hennar på ei øy som heiter Selja; der vart dei buande, og av frykt for heidningane slo dei seg til i grotter og jordhòler. Resten av følgjet landa på ei øy som heiter Kinn; der budde dei på same måte og fekk seg mat til livberging ved å fiske.»[1] Folk på fastlandet i Selje såg med vonde augo på dei som nett hadde kome og skulda dei for å stele sauane deira som hadde beite på øya.

Den heidne Håkon jarl (jarl 970–995) drog sjølv til øya i lag med sine folk for å drepe dei i den tru at dei var hærmenn. Sunniva og følgjet hennar bad då om at fjellet måtte falle over dei - betre det enn at dei skulle falle for sverdet åt heidningane «Og det gjekk som dei ynskte. Fjellet styrta ned, knuste dei alle på ein gong og gav attende åt himmelen dei heilage sjeler som på det viset var frelst frå raseriet til dei valdelege.»[1] Dette kunne ha vore slutten av historia om Sunniva og Seljemennene, men slik vart det ikkje: «På den tida hende det at nokre handelsmenn sigla forbi øya Selja. På stranda såg dei likesom ei strålande søyle av klårt ljos – det nådde heilt opp til himmelen. Det uvanlege synet gjorde dei både forundra og forvitne. Då dei nærma seg søyla, fann dei eit hovud av eit menneske under den; det stråla av ljos og gav ein herleg ange.»[1] I soga om Olav Tryggvasson vert desse handelsmennene kalla Tord Eigileivsson og Tord Jorunarsson. Det vart til at kong Olav Tryggvasson fekk høyre historia. Han drog sjølv til Selja i lag med biskopen sin og eit stort følgje. Der fann han leivningane etter Seljemennene. Sunniva sin lekam vart funnen heil og utan lyte. Kongen lét byggje ei kyrkje på staden og Sunniva sine bein vart skrinlagde i 996. Seljumannamesse vert i dag feira 8. juli. Historia om Sunniva har klåre legendariske trekk. Like fullt er det mange som vel å tru at den har ei kjerne av sanning i seg. Tusenårsjubileet for Selja som heilag stad vart feira i klosteret 7. juli 1996.

Klosteret vert bygd endre

Noko sikker datering for når klosteret vart bygd er det ikkje mogleg å leggje fram. Det finst i det heile særs lite skriftleg materiale knytt til klosteret. I gamal tid vart eit kloster ofte bygd av makthavarane. Det er difor ting som tyder på at det var Olav Kyrre (konge 1067–1093) eller sonen Magnus Berrføtt (1093–1103) som starta bygginga av klosteret. Det kan og ha vore Magnus-sønene Sigurd Jorsalfare og Øystein. Selja var allereie frå Olav Tryggvasson si tid etablert som ein heilag stad med funna av Sunniva sin uskadde lekam og hennar og Seljemennenene si skrinlegging. All den tid bispesetet alt kom i 1068, er det naturleg å tenkje seg at også biskopen var ein av pådrivarane til at klosteret vart bygd på Selja. Dei fleste teoriar går difor ut på at bygginga av klosteret tok til rundt år 1100. Dermed er Selje kloster eit av dei fyrste klostra her i landet, om ikkje det aller fyrste. Mykje tyder på at det var anglikanarar som bygde klosteret og at det også var benediktinarmunkar (svartmunkar) frå England som inntok klosteret. Det faktum at klosteret og klosterkyrkja vart vigd til den relativt ukjende engelske helgenen Albanus stør dette synspunktet. På slutten av 1200-talet vart det sett i gang ei omfattande utviding av anlegget. Albanus-kyrkja vart forlenga på den tida. Framføre Sunniva-kyrkja vart det bygd ein terrasse i stein som soga omtalar slik: «Dette er det største mannaverk av dette slaget som er bygd»[2] Dette var også den tida då livet i klosteret var på sitt rikaste. Ut frå storleiken reknar ein med at det var 10-15 prestevigde munkar som hadde tilhald i klosteret. Attåt desse hadde like mange lekbrør arbeidet sitt der. Dei var handverkarar, dreiv med stell av sjuke og dyrka jorda. Forutan det bøne og gudstenesteliv som utfalda seg, var klosteret og ein lærestad som utdanna prestar for teneste i kyrkja. Munkane på den tida var dessutan sysselsette med avskrift av bøker og omsetjingar. I 1305 brann store delar av klosteret ned. Vestfløya som var bygd i tre, vart etter brannen bygd opp att i stein. Klosteret var ferdigbygd i fyrste halvdel av 1300-talet. Svartedauden i 1349 førte til ein knekk for klosteret. Avgiftene frå klostergodset gjekk kraftig ned etter Svartedauden. Frå 1424 høyrer vi at ein munk på Selja vart halshoggen og ein annan brunnen utan at vi kjenner til kva dei vart dømde for. Nedgongstider førte til at klosteret vart nedlagd allereie før reformasjonen i 1537. Det siste vi høyrer om Selja er at klosteret i 1522 mottok to sekkjer fint mjøl frå Bergen. Selje kloster var ein stor jordeigar. Til saman 175 gardar låg inn under klosteret, derav to tredelar av alle gardane i Selje og Vågsøy. I 1545 vart alt klostergodset drege over til St. Jørgens Hospital i Bergen. Hospitalet arbeidde for spedalske. Etter kvart som bøndene fekk løyst inn gardane sine, brukte St. Jørgen ein del av denne formuen til å byggje eit sanatorium for tuberkuløse på Harastølen i Luster (tatt i bruk i 1902).[3] All gneis som er brukt som bygningsstein er påvist i nærområdet. Olivin derimot, som mellom anna er brukt i tårnet, er ifølgje geokjemiske undersøkingar henta frå Deknepollen, nokre timars segling sør for Selja.[4] Etter at klosteret vart nedlagt, vart det plyndra for alt av verdigjenstandar, også stein. Den danske astronomen Tycho Brahe (1546-1601) fekk Nordfjord i len av danskekongen Frederik 2. Forutan å ta inn skatt frå lenet, henta han og ut stein frå klosteret. Denne steinen brukte han til å byggje observatoriet Stjerneborg og slottet Uranienborg på øya Veen i Øresund.[5] I 1643 vart det sendt eit skip frå Bergen til København med 518 «tilhugne klæberstene» frå Selje og Lyse kloster. Filosofen Arild Haaland gav i 1993 ei kyrkjeklokke (støypt hos Olsen Nauen Klokkestøperi i Tønsberg) til klosteret. Klokka heng i dag i kyrkjetårnet.

Biskopane til Selja endre

Det var Olav Kyrre som oppretta dei fyrste bispeseta her i landet: Oslo, Nidaros og Selja. Dette hende i 1068 reknar ein med.

Bjarnvard den saksiske var den fyrste biskopen til Selja, og vart vigsla av paven sjølv i 1047. Etter vigslinga kom han i ein lojalitetskonflikt mellom erkebiskopen i Hamburg Bremen og kongen. Han drog difor til Island. Der vart han den sjette misjonsbiskopen på øya og soga fortel: «Han vigsla mangt det går gjetord om: kyrkjer og klokker, bruer og brønnar, vad og vatn, bjøller og andre nyttige ting. Og dette auka hans heider og og den akting folk følte for han.»[6] Bjarnvard heldt til på Island i 20 år, så lenge Harald Hardråde styrte. Siden drog han tilbake til Noreg og vart biskop på Selja. «Sidan for han til Bjørgvin og der døydde han, og alle er samde om at han hadde vore ein framifrå mann.»[7]

Magne vert nemnd i 1115 og 1128. Ved eit høve, attgjeve i Morkinskinna, irettesette han kong Sigurd Jorsalfare. Kongen ville skilja seg frå dronninga og gifte seg med ei kvinne som het Cecilie. «Og det trur du at du kan gjere i mitt bispedøme – å føre skam over Guds lov, den heilage kyrkja og bispeembetet?»[8] Kongen vart rasande, drog frå Bjørgvin i all hast og gifta seg i Oslo.

Svein Det einaste vi veit om den neste biskopen er at namnet hans Svein. Han er nemnt i ei islandsk bispeliste, men utelaten i ei norsk.

Ottar Islending var biskop i Selja i 1130. I eit svensk brev kjem det fram at han var deltakar på eit bispemøte i Lund i 1135. Noreg var under Lund erkebispesete frå 1104.

Sigurd var deltakar ved ein synode i Lund i 1139. Sigurd fekk oppleve at Noreg fekk eigen erkebispestol i 1152. Han må ha vore tilstades i Nidaros ved det høvet. Dit kom også den engelske kardinalen Nicholas Breakspear som like etterpå (1154) vart vald til pave. Biskop Sigurd døydde i 1156 eller -57. Etter at Sigurd var død, vart ikkje kongebrørne Inge og Øystein samde om kven som skulle verte neste biskop i Selja. Øystein valde sin kapellan Pål til biskop mens Inge jaga Pål bort og valde ny biskop.

Nikolas Petersson frå Sogn var den neste biskopen av Selja. Namnet og staden er det einaste vi veit om han.

Pål opptrer igjen i 1170, han må da ha vore innsett att, og flytta skrinet med Sunniva sine leivningar frå Selja til Bergen og den nybygde domkyrkja der. Det er semje om at biskopane slutta å ha tilhald på Selja etter flyttinga av Sunniva-skrinet i 1170. Samstundes er det også dei som meiner at biskopane aldri har budd på Selja, i alle fall at dei i lange periodar oppheldt seg i Bergen. Ei støtte for synet om at biskopen budde på Selja fram til 1170 kan vera at heilt fram til 1152 omtalar kjeldene dei som biskop «i Seliu».[9]

Sidan 1930 har Den katolske kyrkja hatt Selja som titulærbispedøme med sin eigen titulærbiskop. Den noverande titulærbiskopen til Selja er biskop Pero Sudar i Sarajevo (sidan 1993). Forgjengaren hans var biskop Eurico dos Santos Veloso frå Brasil.

Klosteret sine abbedar endre

Sjølv om klosteret si verksemd strekte seg over 400 år, kjenner vi berre namnet på sju abbedar. Så lenge biskopane hadde tilhald på Selja, er det nærliggande å tru at dei hadde det øvste andelege ansvar for klosteret. Ein trur og at dei fyrste abbedane var engelske, men at nordmenn tok over etter kvart.

Sigurd Detmarsson er den fyrste abbeden vi kjenner namnet på. I 1238 drog han til Island og vart biskop på Skálholt og var det fram til 1268. Vi kjenner ikkje til kor lenge han før det var abbed i Selje kloster.

Einar vert nemnd som abbed i 1305, året klosteret brann. 15. mai same år for han til Bergen for å verte abbed i Munkeliv kloster, noko som vart rekna som ei forfremjing.

Heming var abbed i åra 1305–1326, utnemnd av biskop Arne. Heming vart innsett under ein seremoni i Bergen domkyrkje 20. februar 1306. I 1326 vart han vald til ny abbed i Munkeliv. Heming var i fylgje biskop Audfinn ein «forsiktig, kyndig og rettskaffen mann både i andelege og verdslege saker.»

Erling følgde etter Heming som abbed frå 1326. Han hadde tidlegare vore munk i Munkeliv.

Jon Eindridsson vart abbed i 1338, truleg frå Munkeliv. Munken Erlend Josteinsson hadde det året send ei klage til biskop Håkon i Bergen om slett styring av klosteret. Både Erlend, Jon og presten i Selje, Aslak, måtte møte i bispegarden og forklåre seg. Vi kjenner ikkje til resultatet av møtet, men Jon vert året etter utnemnd til biskop på Skålholt. Han fekk verke der berre ei kort tid all den tid han døydde 16. mars 1341.

Orm vart vigsla til abbed for Selje kloster 11. november 1339. All den tid munkane ikkje greidde å velje abbed på rette måten (ved å fylgje dei kanoniske reglane) vart han vald av biskop Håkon. Munkane Erlend Josteinsson og Arnbjørn var utsendingar frå Selja ved vigslinga.

Håkon er den siste abbeden i Selje kloster vi kjenner namnet på. Han vert nemnd i 1451. Den siste abbeden i Selje kloster vart truleg driven ut av biskop Finnboge Niklasson mellom 1461 og 1474.[10]

Kongelege på Selja endre

Mellomalder

Olav Tryggvason har ein sentral plass i Selja si historie. Han steig i land på øya i 996, fann leivningane etter Seljumennene (sagaen seier ikkje eintydig at Olav fann leivningane etter Sunniva) skrinla dei og gav påbod om bygging av ei kyrkje. Denne kyrkja var nok ikkje Mikaelskyrkja, men utan tvil Sunnivakyrkja, all den tid Flateyeboka særskild nemner at Olav tufta kyrkja «utanfor helleren». Det er Olav Tryggvason å takke at Selja vart ein helgenstad etter 996 og det fremste religiøse senteret på Vestlandet. Året etter, i 997, samla Olav bøndene frå fire fylke, Sogn, Fjordane, Sunnmøre og Romsdal til ting på Dragseidet på Stadlandet. Her gav han dei valet «anten skulle dei taka imot kristendomen og late seg døype eller så skulle dei halde slag med han. Men då bøndene såg at det ikkje var råd for dei å slåst mot kongen, vart det bestemt at alt folket skulle late seg kristne.»[11]

Olav den heilage. I 1015 vende Olav heim til Noreg frå vikingferd og ville gjere krav på krona. Ingen norsk konge frå mellomalderen har fått ein slik posisjon som han. Han landa på Selja. Soga fortel: «Dei kom frå havet inn til Stad og landa på ei lita øy som heiter Sæla. Då sa kongen at dei hadde kome til land på ein lukkedag. Han sa dei var kome «på Sælo» (av sæla for lykke.) Så gleid kongen i leire med den eine foten og støtte seg med det andre beinet på kne. Han sa: «Nå fall eg». Rane (kongens fosterfar) svara: «Du fall ikkje herre. Men du fekk fast fot i Noreg». Kongen lo og sa: ‘Slik kan det gå om Gud vil’.»[12]

Kong Sverre er den neste av Noreg sine kongar som vitja Selja. Dette fann stad i 1176, året før han vart konge. Han hadde kome over frå Færøyane og nå var han på veg nordover langsmed kysten på veg til Nidaros: «Han stansa ei tid på Selja for der hadde han kjende. Ein prest der fortalde han nogrant det han ville vite. Av dette skjøna Sverre kor stor motstandar erkebiskopen hadde vore av brørne hans. Han meinte han hadde lite håp om hjelp frå den kanten kor brørne hans var førte til fall. Og så drog han sørover igjen og ut av landet.»[13]

Moderne tid

Olav V Den 11. august 1968 steig kong Olav V i land på Selja for å ta del i feiringa av 900-årsjubileet for opprettinga av Selja bispedøme i 1068. Med på feiringa var Bjørgvinbispen og kyrkjeministeren samt 10 000 av bygdefolket.

Harald Dåverande kronprins Harald, i dag konge i Noreg, var med på 900-årsfeiringa. Kongen tok og del på Dragseidet i 1997, då tusenårsjubileet for kristninga av fire fylke vart feira.

Kyrkjene endre

Ein kan utan vidare slå fast at det finst leivningar etter fire kyrkjer på Selja sjølv om Odd Munk skriv (1190) i Soga om Olav Tryggvasson: «På Selja er det fem kyrkjer. Det er fylkeskyrkja og Kristkyrkja og Mariakyrkja og Mikaelskyrkja, Albanuskyrkja og Sunnivakyrkja». Han skriv altså at det er fem kyrkjer, men så namngjev han seks. Forklaringa er kan hende at Albanuskyrkja vert omtala med fleire namn, også som Kristkyrkja og Mariakyrkja.

Mikaelskyrkja

 
Mikaelskyrkja

Det er liten tvil om at Mikaelskyrkja er den eldste av kyrkjene på Selja. Det er ei hòlekyrkje med eit alter inst og ein mur på sørveggen. Hòla ligg 40–50 m høgare enn sjølve klosterområdet (59 moh.). Det er mange døme på at hòlekyrkjer er vigde til erkeengelen Mikael. I Noreg er det enda ei (Norsjø i Telemark) og det er fleire på kontinentet. Om Seljumennene og Sunniva er å sjå på som historiske personar, ville dei ha bruk for ei kyrkje. Då ville hola vore eit naturleg val. Mikaelsdyrkinga er eit av dei eldste teikn på kristen påverknad her i landet. På veggene i kyrkja er det restar etter måling. Tidlegare er det og funne merke etter krokar til opphenging av lampar.[14] (no ikkje lenger synleg) Det overhengande fjellet i og framfor hòla vert kalla helleren. Rommet inne i hòla vert kalla Salen som er eit særs gamalt namn for 'bustad'. Arkeologiske utgravingar framfor helleren syner at det har vore busetjing der i perioden 200-570 e.Kr.[15]

 
Sunnivakyrkja

Sunnivakyrkja

Sunnivakyrkja ligg oppe på helgenstaden utanfor helleren som Flateyboka (1389) nemner: «Olav (Tryggvasson) fekk reist ei kyrkje framfor helleren der den ærefulle jomfrua sin lekam vart funnen.» Dette hende i 996. Det er semje om at Olav si kyrkje var bygd i tre og at Sunnivakyrkja i mur vi i dag ser ruinane av kom til ved eit seinare høve, truleg på slutten av 1000-talet. Under vølinga av klosteret på 1930-talet, vart det funne eit brannlag nord om Sunnivakyrkja, noko som kan tyde på at den fyrste kyrkja brann ned.[16] Kyrkja vi i dag ser ruinane av er ikkje stor, 14m lang og 6,5m bred. Den hadde ikkje tårn.

Albanuskyrkja

 
Albanuskyrkja

Nede på sletta vart bispekyrkja bygd. Ei domkyrkje er alltid vigd til Kristus (jfr. Nidarosdomen). Difor er det at Flateyarboka nemner Kristkyrkja som truleg er namnet på den fyrste kyrkja nede i klosterområdet. Den var domkyrkje i 100 år fram til 1170. Bygginga av den fyrste kyrkja vart truleg starta i høve opprettinga av bispesetet i 1068. Denne kyrkja vart utvida på slutten av 1200-talet. Ved den siste utvidinga fekk kyrkja tårnet som står der i dag. Det er gjort funn som syner at både kyrkja og tårnet i si tid var kvitkalka. Tårnet er 14 m høgt. Nedst i taket i tårntrappa er det murt inn ein stein med runer med innskrifta: "Her er Tores kvilestad". I Odense er det ei kyrkje frå same tida som er vigde både til Maria og Albanus noko som Odd Munk gjev grunn til å tru også kan vere tilfelle på Selja.

Fylkeskyrkja

Fylkeskyrkja må vere soknekyrkja som var ei trekyrkje frå 1100-talet. Den låg på Bø på austsida av øya. Tuftene er framleis synlege. Soknepresten budde i mellomalderen på Selja men ikkje i klosteret, derimot på Bø. Kyrkja vart riven i 1654 og ført opp som soknekyrkje på fastlandet.

Selja som pilegrimsmål endre

Straks etter at Sunniva og Seljemennene vart skrinlagde i 996 vart Selja eit pilegrimsmål. I mellomalderen hadde Noreg tre store pilegrimsmål. Det var Sunniva på Selja, St. Olav i Nidaros og krusifikset i Røldal stavkyrkje. Av desse var Selja det fyrste. Selja var eit knutepunkt langsmed kysten. Det låg halvvegs mellom Bergen og Nidaros og var ein naturleg stad for reisande å stanse. Vikingar som skulle til Island, sigla fyrst til Stad. Derifrå la dei kursen rett vest og etter å ha sigla i sju dagar var dei framme. Selja hadde alt som var naudsynt til å vere det perfekte pilegrimsmål: ein martyr, opphøgd til helgen, ei heilag hòle og ei kyrkje med skrinlagde relikviar. Dessutan ei lekande kjelde som er nemnd alt i Flateyaboken: «I den helleren der ein fann kroppen til Sunniva, sprang det fram ei kjelde av berget og frå den rann det ein liten bekk. Mange sjuke menneske som drikk av bekken vert friske av den.» Seinare fann bekken eit anna leie under bakken og i dag kjem den fram i ei oppkome nede ved klosteret som ein kallar «Sunnivakjelda». Det er funne fem pilegrimsmerke i klosteret, frå Sør-Tyskland, Nederland og Italia. Merka vart funne samla, i ei grav på kyrkjegarden attmed klosteret. Merka fortel oss at den avlidne på sine pilegrimsferder hadde vitja fleire av Europa sine store pilegrimsmål. Seljumannamesse 8. juli er tatt med på primstaver alt tidleg på tusentalet og messedagen er likeins nemnd i alle landskapslovane frå midten av tusentalet. Dagen er tatt med i den kristenrett som kong Olav Haraldsson fekk fastsett på Moster i 1024. Det at Olav Kyrre la eit bispesete til Selja talar sitt tydelege språk om kor viktig staden var som som helgensstad. Det at Albanus-kyrkja måtte utvidast, syner også at det må ha vore stor trafikk til staden. Terassane framfor Sunnivakyrkja trur ein vart bygd for å gje plass til alle pilegrimane på dei store høgtidsdagane. I vår tid har Selja som pilegrimsmål opplevd ein renessanse. På messedagen er det fleire som går pilegrim fra Bø ut til klosteret, mens andre går lange avstandar med Selje kloster som mål.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Acta Sanctorum in Selio
  2. Flateyabok
  3. T. Djupedal s.14
  4. Nybø s.122
  5. T. Djupedal s.89
  6. Hungrvaka kap.3
  7. Hungrvaka kap. 3
  8. Morkinskinna
  9. Nybø s.121
  10. Torkjell Djupedal: Selja : kulturhistorisk handbok. Selja forlag 1996. s.69
  11. Snorre: Sagaen om Olav Tryggvason
  12. Heimskringla kap.29
  13. frå Sverres Saga
  14. R. Djupedal s.39
  15. T. Djupedal s.27
  16. Enger s. 14

Bakgrunnsstoff endre

På nettet endre

Annan litteratur endre

  • Djupedal, Reidar: Selja i tusen år. Selje 1966
  • Djupedal, Reidar: Klosteret på Selja. Selje 1967
  • Djupedal, Torkjell: Selja Kulturhistorisk handbok. Selja forlag 1996. ISBN 82-91722-00-5
  • Enger, Cato: Helligdommen på Selja Fortidsminner XXXI. Grøndahl & Søn 1949
  • Henriksen, Vera: Selja og Stad - legender, saga og historie. Sogn og Fjordane forlag 1992. ISBN 82-90576-19-6
  • Lange, Christian: De norske klostres historie i Middelalderen Christiania 1856. Digital utgåve
  • Luthen, Eivind: Selja Sunnivakulten og pilegrimsmålet, Pilegrimsforlaget/Scriptoriet 1997. ISBN 82-91677-02-6
  • Nybø, Marit: Albanuskirken på Selja i et forskninghistorisk perspektiv i Sigrid Lien & Caroline Serck-Hanssen (red): Talende bilder. Bergen 2010. ISBN 978-82-304-0056-2
  • Rindal, Magnus (red): Selja: heilag stad i 1000 år. Universitetsforlaget 1997 ISBN 82-00-22513-5 Digital utgåve
  • Undset, Sigrid: Den hellige Sunniva. Illustrasjoner av Gøsta af Geijerstam. Scriptoriet Selje, 2000. ISBN 82-91859-01-9