59°51′21″N 10°26′00″E / 59.85583°N 10.43333°E / 59.85583; 10.43333

Sem Gjestegård.
Foto: Erlend Bjørtvedt

Sem Gjestegård er eit kurs- og konferansesenter i Asker kommune. Garden har tidlegare vore eigen landbruksskule og del av Noregs landbrukshøgskule.

Historie endre

Sem hovudgard, opphavleg Nedre Sem gard på Sem i Asker, var tilhaldsstad for Sem landbruksskule frå 1886.[1] Skulen blei driven av Wilhelm og Bernt Holtsmark, sistnemnde etterkvart ein statsråd som også åtte Tveter gard i Asker. Etter at staten tok over eigedommen i 1914 blei Sem ein offentleg utdanningsinstitusjon, Statens Småbrukslærerskole. I 1962 blei garden ein del av Norges landbrukshøgskole. Sem blei brukt til pedagogiske seminar, interne konferanser og huste instituttet for birøkt.[2]

Sidan 1995 har garden vore nytta som kurs- og konferansesenter etter omfattande ombygging. Sem Gjestegård har 47 hotellrom med kapasitet til 78 overnattingsgjester.[3]

Kjelder endre

  1. «Norges Landbrukshøgskole», Store norske leksikon, 1. juni 2013, henta 8. januar 2017 
  2. Historie, semgjestegard.no, henta 8. januar 2017 
  3. Overnatting, semgjestegard.no, henta 8. januar 2017 

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur
  • Edvin Kile: Statens småbrukslærerskole. 1997.
  • Halvard Torgersen: Bidrag til Bygdens Gaardshistorie. 1916.