Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest

Serbia og Montenegro deltok to gongar i Eurovision Song Contest, i 2004 og 2005. Serbia og Montenegro hadde tidlegare delteke i Eurovision Song Contest frå 1961 til 1992, men då som ein del av Jugoslavia. I 2006 vart landet opplyst, då Montenegro erklærte seg sjølvstendig og lausreiv seg frå føderasjonen med Serbia. Sidan 2007 har Serbia og Montenegro delteke i Eurovision Song Contest som to sjølvstendige nasjonar. Fyrstnemnde vann same år.


Serbia og Montenegro
 



RTS og RTCG
Uttakingar
Nasjonalt 2 (Sjå Evropesma)
Internt 0
Deltaking
Debutår 2004
Deltakingar 2
Beste resultat
Semifinalen 1 (2004)
Finalen 2 (2004)
Verste resultat
Semifinalen 1 (2004)
Finalen 7 (2005)
Poeng
Semifinalane 263
Finalane 400
Totalt 663

Historikk endre

Serbia og Montenegro var tidlegare ein del av Jugoslavia, som deltok i Eurovision Song Contest frå 1961 til 1992. I 1991 lausreiv Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og dåverande Makedonia seg frå landet, og Serbia og Montenegro var i praksis dei einaste som deltok som Jugoslavia i Eurovision Song Contest i 1992. Åra etter og fram til 2003, fekk ikkje landet deltake i Eurovision Song Contest. Utestenginga var ein del av dei mange SN-sanksjonane mot nasjonen, på grunn av jugoslaviakrigane og den kroatiske uavhengighetskrigen.[1][2]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Jugoslavia i Eurovision Song Contest.

Føderasjonen Serbia og Montenegro søkte om å få deltake i Eurovision Song Contest igjen i 2003, men Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) avslo søknaden og begrunna det med at for mange land ville bli ståande utafor finalen om ein slapp inn fleire nye land.[3] I 2004 innførte EBU semifinale i Eurovision Song Contest, og dimed fekk Serbia og Montenegro deltake for fyrste gong.

Det var kringkastingskoalisjonen UJRT som hadde ansvaret med å velje bidraga til Serbia og Montenegro. UJRT bestod av den serbiske kringkastaren RTS og og den montenegrinske kringkastaren RTCG.

Debuten endre

Det fyrste bidraget til Serbia og Montenegro var Željko Joksimović med Ad Hoc Orchestra og balladen «Lane moje». Joksimović vann semifinalen og kom på andreplass i finalen, begge gongane med 263 poeng. Den gode plasseringa gjorde at Serbia og Montenegro var direktekvalifisert til finalen i Kyiv året etter, der gruppa No Name kom på sjuandeplass med låten «Zauvijek moja».[4]

No Name vart også valde til å representere Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest 2006, men landet trekte seg frå tevlinga i mars 2006. Årsaka var at juryen til den montenegrinske kringkastaren RTCG vart skulda for taktisk røystegjeving under den nasjonale finalen for andre år på rad – gruppa No Name kjem frå Podgorica i Montenegro. Då den serbiske og den montenegrinske ikkje vart einige om kven landet skulle sende, enda det med at Serbia og Montenegro trekte seg frå tevlinga. Men Serbia og Montenegro fekk behalde retten til å røyste i finalen og semifinalen, sjølv om landet ikkje deltok med eige bidrag.[4][5]

Serbia og Montenegro vart to uavhengige statar i 2006 og har sidan 2007 delteke som sjølvstendige land i Eurovision Song Contest.

Bidraga i Eurovision Song Contest endre

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
  2004 Željko Joksimović og Ad Hoc Orchestra «Lane moje» Serbisk 263 2 263 1
  2005 No Name «Zauvijek moja» Montenegrinsk 137 7 Direktekvalifisert
  2006 No Name «Moja ljubavi» Montenegrinsk Trekt

Røystehistorikk endre

Serbia og Montenegro fekk røyste i 2006 sjølv om dei ikkje deltok.

Finalen endre

Serbia og Montenegro har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Makedonia 27
02   Hellas 25
  Kroatia
04   Bosnia-Hercegovina 22
05   Albania 16

Serbia og Montenegro har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Austerrike 24
  Kroatia
  Sveits
04   Bosnia-Hercegovina 22
  Slovenia

Semifinale endre

Serbia og Montenegro har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Makedonia 32
02   Bosnia-Hercegovina 19
03   Kroatia 17
04   Slovenia 14
05   Ukraina 13

Serbia og Montenegro har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Austerrike 12
  Bosnia-Hercegovina
  Kroatia
  Nederland
  Slovenia
  Sveits
  Sverige
  Tyskland
  Ukraina

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. FNs sikkerhetsråd (30. mai 1992). «Security Council resolution 757 (1992) [Bosnia and Herzegovina]». FNs høykommissær for flyktninger/FN. Henta 3. desember 2017. 
  2. Agence France Presse (9. oktober 2000). «List of International Sanctions Against Serbia». Global Policy Forum. Henta 3. desember 2016. 
  3. Sietse Bakker (27. november 2002). «No new countries at next Eurovision Song Contest». esctoday.com. Henta 4. desember 2016. 
  4. 4,0 4,1 «Serbia & Montenegro – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 4. desember 2016. 
  5. «Row prompts Eurovision withdrawal». BBC News. 20. mars 2006. Henta 4. desember 2016. 

Kjelder endre