Sergej Lavrov

russisk diplomat

Sergej Viktorovitsj Lavrov (fødd 21. mars 1950) er ein russisk diplomat og utanriksminister i Russland frå 2004.

Sergej Lavrov
Сергей Викторович Лавров

Fødd21. mars 1950 (74 år)
Moskva
Statsborgar avSovjetunionen, Russland
PartiSameint Russland, Sovjetunionens kommunistiske parti
Yrkediplomat, politikar, minister
InstitusjonarRusslands utenriksdepartement
US and Canada: economics, politics, culture magazine
Utdanna vedMGIMO
School No.1414
EktefelleMaria Lavrova
BarnEkaterina Vinokurova
MedlemDet keiserlige ortodokse palestinaselskap
Alle verv
  • Russlands utenriksminister (2004–)
  • Russlands permanente representant til FN (1994–2004) Sjå dette på Wikidata

Lavrov vart i 1972 uteksaminert frå det sovjetiske utanriksdepartementet sitt institutt for internasjonale forhold i Moskva. Same året vart han send til den sovjetiske ambassaden i Sri Lanka. Frå 1976 til 1981 jobba han i utanriksdepartementet i Moskva, frå 1981 til 1988 i den sovjetiske FN-delegasjonen i New York. I 1988 vende han attende til Moskva og jobba i det russiske utanriksdepartementet, frå 1992 som viseutanriksminister. I 1994 vart han Russland sin FN-ambassadør, noko han var i ti år. 9. mars 2004 utnevnde president Vladimir Putin han til utanriksminister i samband med ei større utskifting av regjeringa før det russiske presidentvalet.

Lavrov snakkar engelsk, singalesisk, dhivehi og til ein viss grad fransk[1]. Han er gift og har ei dotter.

Referansar endre

  1. A. Gyldén og A. Chevelkina, La fabrique des diplomates de Poutine, L'Express, 11. mars 2016.