Sermitsiaq (grønlandsk for 'sal-fjellet') er ei grønlandsk avis som kjem ut i Nuuk kvar fredag. Avisa er kalla opp etter fjellet Sermitsiaq ikkje langt frå Nuuk.

Sermitsiaq
TypePeriodikum
Grunnlagd1958
SpråkGrønlandsk
Nettstadhttps://sermitsiaq.ag/ (dansk), https://sermitsiaq.ag/kl (grønlandsk)

Sermitsiaq kom ut frå 21. mai 1958 som eit alternativ til den danskspråklege avisa Mikken. Ho var lokalavis for Nuuk fram til 1980-talet, då ho blei meir av ei riksavis.

I logoen sin skreiv avisa lenge namnet sitt etter Samuel Kleinschmidt si rettskriving, Sermitsiaĸ'. Seint på 2000-talet endra ho logoen til sermitsiaq.[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre